Det Norske Teatret

Det Norske Teatret

Norway

Podcast by Det Norske Teatret

Episodes

Antisemittisme - debatt frå Andre verdskrigen  

I den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda er det ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. Tema for denne debatt er antisemittisme. I panelet: Marte Michelet, Håkon Harket og Anne Sender. Marte Michelet er journalist og forfattar. I 2014 gav ho ut boka Den største forbrytelsen, om ofre og gjerningsmenn i det norske holocaust. For boka fekk Michelet Brageprisen 2014 for beste dokumentarbok. Håkon Harket er idéhistorikar, forfattar og forleggjar. Han har skrive om jødisk historie og sionismens opphav i boka Jødehat (2005). I 2014 kom boka Paragrafen : Eidsvoll 1814 som handlar om den såkalla «jødeparagrafen» som hindra jødar å komme til Noreg. Anne Sender er forfattar, pedagog og bistandsarbeidar. Frå 2005 til 2011 var ho forstandar for Det Mosaiske trossamfunn i Oslo. I 2013 fekk ho Brobyggerprisen, og i 2014 Fritt Ords Pris. Ho gav ut boka Vår jødiske reise på Cappelen Damm i 2013. Sender er no sekretariatsleiar i Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn. Samtaleleiar: Sigrid Sollund er journalist og programleiar i Dagsnytt Atten på NRK.

Forteljingar om krig - debatt frå Andre verdskrigen  

I den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda er det ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. I dette opptaket er temaet forteljingar om krig. I panelet: Sidsel Wold og Rune Ottosen Korleis fortelje sant frå ein krigssone? Journalistane er vår kjelde til kunnskap i krig. I mange tilfelle vil deira skildring vere skilnaden på engasjement og likegyldigheit frå mediar, myndigheiter og befolkning. Korleis har journalistrolla utvikla seg frå andre verdskrigen og til dagens krigar og konfliktar? Kva for dilemma møter ein, og korleis fortelje objektivt når du står midt i grufulle hendingar? Sidsel Wold er journalist og forfattar. Frå 2007-2011 var for utanrikskorrespondent i Midtausten for NRK. Wold har gitt ut fleire bøker, sist kom Landet som lovet alt: Min israelske reise (2015) på Spartacus. Rune Ottosen er professor i journalistikk ved HiOA. Han har forska på journalistikk og krig, og er med i forskingsgruppa «Narrativer om krig i journalistikk og det kulturelle feltet». I 2009 kom boka VG, Saddam og vi. Et kritisk blikk på nyhetsdekning av krig og konflikt på Høyskoleforlaget. Samtaleleiar: Sigrun Slapgard er journalist og forfattar. Ho arbeidar i NRKs utanriksredaksjon, og rapporterte frå Qatar under invasjonen av Irak i 2003. Ho har mellom anna skrive biografien Krigens penn, om den kvinnelige krigsreporteren Lise Lindbæk. Les meir om Andre verdskrigen - natt i verda her: http://www.detnorsketeatret.no/framsyningar/andre-verdskrigen-natt-verda/

Kunst og krig - debatt frå Andre verdskrigen  

I den åtte timar lange framsyninga Andre verdskrigen - natt i verda er det ein debattdel mitdvegs. Paneldeltakarar og tema er ulike frå gong til gong. I dette opptaket er temaet kunst og populærkultur som tek verkelege hendingar inn i fiksjonen. I panelet: John McNicol, Erik Ulfsby, Lars Ramberg og Agnes Moxnes. John McNicol er universitetslektor ved UiO, institutt for arkeologi, konservering og historie . Han underviser mellom anna i emnet «Historie på film», om kva som skjer når populærkulturen går inn på historiefeltets domene. Lars Ramberg er kunstnar. I samband med framsyninga Andre verdskrigen – natt i verda, okkuperte han det offentlige rommet på Det Norske Teatret med kunstprosjektet HEIL. Erik Ulfsby er teatersjef på Det Norske Teatret, og har regi på framsyning Andre verdskrigen – natt i verda. Samtaleleiar: Agnes Moxnes er journalist og kulturkommentator i NRK. Les meir om Andre verdskrigen her: www.detnorsketeatret.no/framsyningar/…n-natt-verda/

Å bli ein annan- samtale med skodespelarane frå boklanseringa  

Forfattar Bår Stenvik samtalar om boka si, Å bli ein annan, saman med skodespelarane han har følgd i eit år. Han var mellom anna med Ane Dahl Torp då ho hadde tittelrolla i Mor Courage på hovudscenen på Det Norske Teatret.

I kulissene til Halve Kongeriket med Julie Moe Sandø  

I kulissene til Halve Kongeriket med Julie Moe Sandø by Det Norske Teatret

Teatersjef Erik Ulfsby om haustrepertoaret 2016  

Teatersjef Erik Ulfsby om haustrepertoaret 2016 by Det Norske Teatret

GREASE FRÅ SOLARIS KORRIGERT  

Høyr ein sang frå framsyninga "Solaris Korrigert" med Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig. Premiere på Det Norske Teatret 16. oktober.

0:00/0:00
Video player is in betaClose