NRK – Friluftsmagasinet

NRK – Friluftsmagasinet

Norway

Naturopplevingar, miljøvern, jakt og fiske får du kvar laurdag morgon klokka 08:05 på P1.

Episodes

Friluftsmagasinet 28.05.16  

Jakta på mat og trygge hekkeplassar fører stadig fleire måsar inn til byane våre, bli med og registrer dei! Hekkande måsar kan virke trugande, men fjernar du reir eller innhald blir du kriminell og kan få med politiet å gjere. Eit forslag om jakt på sangfuglane måltrost og svarttrost er det underskriftskampanje mot i Norsk ornitologisk foreining. Ingenting er som eit bjørnemøte for å teste karakterstyrken til ein hund. I Flå kan ein gjere det i kontrollerte former.

Friluftsmagasinet 14.05.16  

Engasjerte karar i Kristiansand plukkar årleg ut 10 flotte turstiar som dei merkar rosa. «Til topps i Tveit» går gjennom frodig og variert natur, og finn du kodane på kvar topp kan det bli premie. Dei rike skogane i Tveit skjuler både meistertjuvar, traktkantarell, rike blåbærfelt og fiskevatn med abbor og aure. I sendinga skal vi også til ei elv i Hordaland. Det er 15 år sidan sist det vart starta kalking i ei norsk lakseelv, men no får Modalselva nytt liv.

Friluftsmagasinet 07.05.16  

Rett ved vegen i Vennesla ligg eit nydeleg vatn rikt på abbor og aure. Vi prøvar fiskelykka og får gode råd og tips av damer i Vennesla jeger- og sportsfiskerforening. Dei er blant mange lag rundt om i landet som arrangerer fisketurar kun for jenter, av mange gode grunnar J Reporter Helge Søfteland får køyrt seg om bord i MB Sjølsøkk når Friluftsrådet Vest arrangerer aktivitetsdag på Lindøy. I dag er det også 12 timars direktesending på NRK2 frå Saltstraumen i Bodø, som er ein av verdas kraftigaste tidevasstraumar. Vi høyrer kva for spektakulære bilete vi får sjå minutt for minutt.

Friluftsmagasinet 30.04.16  

Nisene beitar der silda står tjukk, og tjelden flørtar på holmane. Vi tjuvstartar på neste helgs strandryddedag saman med SNO. Statens naturoppsyn plukkar opp farleg søppel som flyt rundt i havet, og sjekkar korleis fuglar og dyr har det i skjærgarden. Vi får også tips til god og enkel turmat i denne sendinga. I natt blir det eiga fuglesending på P2, med morgonstemning i fuglanes rike rundt om i Europa. Også frå tiurleik på Voss.

Friluftsmagasinet 23.04.16  

Eit æresmedlemskap i Turistforeininga heng svært høgt, no har Hordaland fått sitt første kvinnelege æresmedlem, sprek som få! Kirsten Svanøe Søgnen tek oss med på tur i sitt nærmiljø og fortel om spennande turar høgt til fjells i både inn- og utland. Snart er det også tid for folkevandringsfest i fjella rundt om i landet, når turlaga arrangerer 7-fjellstur og liknande. I denne sendinga får vi også høyre om gjeddefiske austafor, i Øyeren.

Friluftsmagasinet 16.04.16  

Friluftsråd langs heile kysten gjer no badeplassar og friluftsområde klare for ein ny sommarsesong. Niser, fuglar og andre vårteikn krydar kvardagen for Bergen og omland friluftsråd når dei set ut badebøyer, legg plenmatter på stupebretta og ryddar turstiar i sitt område. Dei sveisar også oppsamlingsplassar for eingangsgrillar og tilbyr utleigehytter langs kysten.

Friluftsmagasinet 09.04.16  

Turorientering gjer søndagsturen ekstra spennande, på jakt etter raude og kvite postar med kartet i neven. No er våren og sesongen i gang att rundt om i landet, vi blir med Gneist IL og heng opp postar. Finn du mange nok fram til hausten, kan det vanke gjeve metall. Helge Søfteland er på snøholetur i Trollheimen i dag.

Friluftsmagasinet 02.04.16  

Kajakkturar på Sognefjorden, toppturar på høgfjellet, dykking og breturar - friluftslivstudiet i Sogndal byr på det meste. Rundt leirbålet i fjæra fortel friluftslivstudentane om lærerike turar på godt og vondt. Friluftsliv styrkar kropp og sjel, spesielt når ei gruppe må samarbeide og dermed opplever meistring gjennom ulike turoppgåver. Vi skal også møte ein konkurransefiskar som skal forsvare dei norske fargane i flogefiske-VM i USA til hausten.

Friluftsmagasinet 26.03.16  

Finsehytta til Turistforeininga er populær året rundt, også i påska. Vidstrakte, kvite fjell og vidder med fjellvatn og villrein lokkar turistar frå aust og vest. Der trenar også Røde kors kvart år på redningsaksjonar i tøft vinterfjell saman med naudetatar som politi og brannvesen, så påska blir tryggare for oss andre. Påsketuren vert ekstra innhaldsrik om ein gjer som Sveinung Klyve, han kombinerer skitur og hubro-lytting. 70 meter oppe i ei utilgjengeleg fjellside lever han, einsamt tutande natt etter natt. Å sjekka opp hubro-damer er vanskeleg…

Friluftsmagasinet 19.03.16  

Havsalat, skjel, strandsnegl og strandkrabbe gir eit herremåltid i fjæra. Vi plukkar fjæremat i Arendal saman med Havforskingsinstituttet. Stillehavsøstersen er også ei delikatesse, men brer raskt om seg og øydelegg vårt naturlege kystmiljø. Hummaren får vekse seg stor og talrik i eit lite, verna område, dermed får vi etter kvart meir å fiske på. 10-klassingar frå Ajer er med Hamar naturskule ut på trugetur. Dei skal innom mange postar før det blir trerettars over bålet. Elevane får testa kunnskapen om allemannsretten og bålfyring i snøen på Hedmarksvidda.

Friluftsmagasinet 12.03.16  

Vi hoppar i båten med Os dykkarklubb når dei skal ut på dagens dykk. Vi får høyre om salige opplevingar og rik natur nede i sjøen, og om skumle skapningar dei stundom møter på. Etter 40 minutt nede i Bjørnafjorden med harpun kjem dei opp att med både fisk, krabbe og skjel i fangstnetta. Rå kamskjel er løna på båtturen heim att. Vi skal også vere med på revejakt i dag, dei lokkar på reven men endar opp med å drive fangst på eit heilt anna dyr.

Friluftsmagasinet 05.03.16  

Kalvehageneset i Grimstad er eit friluftsområde rikt på dramatisk natur og historie ut mot Skagerrak, tilrettelagt med sti for rullestol og barnevogn. På den andre sida av det store neset, mot Homborsund, finn vi lune skogar, ei nøtterik hassellund, ei utømmeleg vasskjelde og sjeldne planter. Vi skal også høyre frå Norsk jeger- og fiskarforbund, som fortel at det framleis trengst kalking i mange vassdrag. Sur nedbør høyrde ikkje berre 70-talet til.

Friluftsmagasinet 27.02.16  

Både nye og erfarne jegerar treng skytetrening og justering av våpen før jakt, vi er på Farvannet leirduebane i Kristiansand. Der er også ungdomen Marius som er lam og sit i rullestol, men det stoppar ikkje han i å vere med på jakt. Reporteren startar jaktkarrieren med leirdueskyting…I dag skal vi også treffe ein av landets yngste men mest erfarne friluftsfolk, ein seksåring som nyleg sov ute åleine i 27 minusgrader.

Friluftsmagasinet 20.02.15  

Herdla fort er kåra til eitt av Hordalands flottaste friluftsområde, med variert natur, fugleliv, naturreservat og godt tilrettelagde turstiar og rasteplassar. Museum frå krigens dagar ligg som fjellbunkersar og synlege krigsminne overalt i terrenget, og vågale friluftsaktivitetar som via ferrata og zipline er på plass, blant mykje anna. Det var førre istid som forma den spesielle naturen på øya vest mot havet, og gav det rike jordsmonnet og fuglelivet. Vi skal også til bymarka i Trondheim og teste slyngetur på glattisen med Trondheimregionens friluftsråd.

Friluftsmagasinet 13.02.16  

Elevane på friluftslivlinja til Stend vidaregåande skule får rike opplevingar året gjennom, både på fjellet, skogen og sjøen. Vi høyrer meir om alle turane, kursa og prøvene dei skal gjennom desse lærerike åra. I Kautokeino blir vi med Reindriftsskulen si naturbrukslinje på isfiske, under isen. Og i Sogndalen i Vest-Agder blir vi med ein ivrig naturfotograf på leit etter fossekallen.

Friluftsmagasinet 06.02.16  

Ekstremvêr og store vêromslag den siste tida har gjort snøskredfaren ekstra stor mange plassar. Leiaren i ei skredgruppe i Røde Kors har sjølv blitt tatt av snøras to gongar, no fortel han korleis det skjedde, og kva vi kan gjere for å unngå ei slik skremmande oppleving. Og ikkje minst kva vi skal gjere dersom vi sjølve eller andre blir tatt av snøskred. Vi skal også møte ein spesiell sportsfiskar som blir frå seg av glede dersom fisken han målretta går etter, veg meir enn 250 gram. Det skal handle om artsfiske.

Friluftsmagasinet 30.01.16  

I Bærum får dei ofte tjukk fjordis om vinteren, og Oslofjorden friluftsråd sitt isoppsyn sjekkar og markerer når isen er trygg. Då blir det gjerne folkevandring med 4–5000 menneske ute på isen, og isfiske kan gje fersk torsk til middag. Langs kysten finn vi merka kyststiar heilt nær sjøen, med hytter og fyr som kan leigast året rundt. Janne Mauseth i Bodø tok med seg hunden og flytta til ei lita, uisolert koie i skogen for snart eitt år sidan. Der finn ho ro og harmoni, og lengtar ikkje tilbake til byen.

Friluftsmagasinet 23.01.16  

SV vil grunnlovsfeste allemannsretten, for å styrke nordmenns unike rett til å ferdast i, og hauste av, skog og mark. Nordmenn er fødde med vedkubbe i handa, men korleis er bålvettreglane og allemannsretten i strandsona? Korleis vil ei grunnlovsfesting av allemannsretten påverke vår tilgang til fri natur? På eit islagd vatn tek damene i Voss Jeger og fiskarlag med seg ein lett forkledd Helge Søfteland på isfiske for damer. Jentene byrjar å merka konkurransenervane når det står 3-3 på isen...

Friluftsmagasinet 16.01.16  

Vi er med Statens naturoppsyn i båt ved Fedje og høyrer korleis dei er med på å sikre oss ein frodig og artsrik natur. Blant anna ved å fjerne den svartelista minken, som et både sjøfuglar og egg i hekketida. På oppdrag frå Miljødirektoratet kjem oppsynsmannen tett på det rike dyrelivet i kystsona, som spekkhoggar og hjort, havørn og oter, sel og sjøfugl. Kulden stoppar ikkje elevane frå Fjell ungdomsskule, som har alternative skuledagar i skjergarden langs Sotra. Elevane ordnar seg fersk lunsj frå eige garn, som blir grilla over open eld.

Naturens verden 10.01.16  

Dei mange granfelta langs kysten som vart planta for 60 år sidan er no hogstmodne. Når grana sluttar å vekse dør treet langsamt og etter ei stund får ein ikkje selt trevirket. Tove Fugelsnes møter moderne tømmerhoggarar med monstermaskiner, ein skogmisjonær og ein biolog i granskogane i Tingvoll og får høre at den beste skogen har ei blanding av gran, furu og lauvtre. Mange myrer er grøfta opp og tørkar ut. 30 % av all karbon som ligg bunde i jordsmonnen ligg i myr og ei grøfta myr lekk ut klimagass. Grøftene må fyllast igjen slik at myra kan vere karbonlager. Helge Søfteland møter leiaren av Norges Bondelag Lars Petter Bartnes på kongsgarden i Oslo og pratar om dagens og framtidas landbruk. Dagens tema er firfirsle.

0:00/0:00
Video player is in betaClose