Episoder
-
Ingvild Kjerkol har fått sin endelege sensur på masteroppgåva. Må ho gå? Frifinninga av tre menn i gruppevaldtektssaka i Bergen skapar sterke reaksjonar. Ei ny bybaneløysing blir kalla genial, og i Oslo er 17. mai blitt kulturkrig.
-
Ideen om eit pliktår for landets 19-åringar slår godt an i folket, men ikkje hos Morten og Gerd. Marie er derimot litt glad i tvang. Dessutan snakkar me om å vente på Bybanen til Åsane og om å reise klimavennleg som vestlending. Spoiler: Det siste er umogeleg.
-
Manglende episoder?
-
Per Willy Amundsen var full på Facebook, men det har vel Frp-arar vore før? Kvifor er dei så harde denne gongen? I Bergen fekk Erna Solberg heidersrolle i ein operette om aksjesvindel, til stormande jubel frå salen. Neste veke kan Bybanens skjebne bli avgjort, og me er spente. Og så var det fyllekaoset i Holmenkollen: Har nasjonen Norge eit alkoholproblem?
-
Han meinte ikkje at kvinner har ansvar for at menn får ligge. Men kva meinte Fpu-leiar Simen Velle, eigentleg? Høgre har vore eksepsjonelt strenge med sin eigen Erna Solberg, noko som truleg var ganske lett for partiet. Og i Bergen har mange mista sympatien med museumsdirektøren for Kode.
-
Byutviklingsbyråden vil auke bompengane, men treng støtte frå bompengemotstandarar. Det kan bli krise. Ei ny abortlov, krise for Kunstmuseene i Bergen og Oslo-reklame på vegskilta i Bergen er òg tema i vekas episode.
-
Svenske barn har fått beskjed om å førebu seg på krig. Då bør kanskje norske, vaksne politikarar også gjere det? Enkelte politikarar får truleg også angst av å lese ferske meiningsmålingar, men for Høgre og Erna Solberg er krisa definitivt over. Og endeleg: Bergen blir vist fram i all sin pryd i NRKs bakemeisterskap. Men kan den norske versjonen få same kultstatus som den britiske?
Produsent: Henrik Svanevik
-
INP er splitta i to, men har eigentleg det nye partiet til Owe Ingemann Waltherzøe nokon sjanse? I Bergen skulle det bli lov å tisse i fjorden, men folk må halde seg litt til. Og så var det nynorsk, då. Er det synd på lærarar som må undervise på nynorsk?
Produsent: Arve Stigen
-
Industri- og næringspartiet (INP) leverer rekordmålinger, men sliter med opprør, kupp og maktkamp. Fortsetter Owe Waltherzøe som leder for «denne barnehagen»? Flere partnerdrap har rystet Norge i år, mens Marie har kastet en brannfakkel inn i selveste kongehuset: Kong Harald V burde gå av!
Produsent: Henrik Svanevik
-
Byrådet i Bergen kjem ikkje unna spørsmål om inhabilitet. Men går det ikkje an å hente politikarar frå næringslivet? Naturen i Noreg har hatt ei dårleg veke. Medan Bård Tufte Johansen kjempar mot nedbygging, industrialiserer staten havbotnen. Og heilt til slutt: Ville me fått det betre viss me budde ein plass med stabilt, fint vêr?
Produsent: Henrik Svanevik
-
2023 gjekk ut med veldig mange smell i Bergen. NMG-gjengen spør seg om kvifor eit forbod mot fyrverkeri ikkje er på plass forlengst. Og så er det tid for den årlege gisseleiken: Me gir våre spådommar for 2024. Bli med du også!
Produsent: Henrik Svanevik
-
Me er eigentleg tomme for ord som kan skildre 2023. Her kjem likevel ein heil del. For dette var året der INP blei eit parti å rekne med, der bergenspolitikken verkeleg tok av, og der ikkje berre nokon, men veldig mange måtte gå. Og heilt til slutt gir me dykk høgdepunktet frå juleshowet: «Se banen bore».
-
Hvor mye lønn fortjener egentlig politikere? Terje Søviknes får kritikk for å stable verv og sope inn over to millioner. Hvordan kunne NSM ta opp et ulovlig lån på 200 millioner av John Fredriksen? Og ingenting går på skinner for byutviklingsbyråden i Bergen, Christine Kahrs, som kan vise seg å være inhabil i hele bybanesaken.
Produsent: Henrik Svanevik
-
Vekas store jordskjelv var frikjenninga i Tengs-saka. Kva betyr det at historia gjentek seg? I Bergen sit pengane laust i lommeboka hos det nye byrådet. Luksusfellen neste? Og Erna Solberg ristar av seg skandalene, og vinn tilbake folkets tillit. Er dette byrjinga på slutten for Jonas Gahr Støre?
Produsent: Henrik Svanevik
-
Vekas store snakkis er NRKs presseetiske tramp i salaten i serien «Ingen elsker Bamsegutt». Men det er ikkje berre den utelatte overgrepsdommen som er problemet. Sindre Finnes treng ein ny hobby, og «Nokon må gå» stiller opp. I Bergen viser det seg at eit protestparti er eit protestparti – uansett.
Produsent: Arve Stigen
-
Politikerne plumper uti både i Bergen og Brussel. Mens Terje Søviknes blir ordfører for sjette gang. Nytt byråd er fortsatt ikke på plass i Bergen, men byen har fått en ny ordfører. Morten, Gerd og Marie diskuterer hvorfor det tar så lang tid. Og etter enormt mange forespørsler: Hva skjer egentlig i Alver?
Produsent: Gerd Tjeldflåt
-
Blir det verkeleg ingen Bybane dersom det blir omkamp denne gongen? Jens, Eirin og Gerd diskuterer sanninga i den påstanden, og snakkar om korleis Ap i Bergen tapte valet, men sit i ein drøymeposisjon. Erna Solberg kjempar framleis for si politiske framtid. Medan folk snakkar om tårene hennar er ekte, rullar også sakene vidare.
Produsent: Henrik Svanevik
-
Jens, Gerd og Marie slit med å finne dei rette orda for å skildre alt som skjer i Bergen. Utan at dei held stilt av den grunn. No er valresultatet landa, men det gir eit verst mogeleg utgangspunkt for å kunne styre byen. Og Bergen Høgre har allereie sparka bein på sine eigne partikameratar i fylket. Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.
-
Vi er fire dager unna valgdagen. Høyre faller som en stein på meningsmålingene, men gjorde reint bort sammen med Frp og Venstre i skolevalget. Får Unge Høyre-leder Ola Svenneby ufortjent mye tyn for å erklære generasjon Greta Thunberg for død? Og tror vi egentlig på forklaringene til Anniken Huitfeldt om at hun ikke har delt børssensitiv informasjon med mannen Ola Flem? Hør hele episoden med abonnement hos Podme eller i BT-appen.
-
Endå ei fersk måling bekreftar at kaos er tilbake i bergenspolitikken. Mest oppsiktsvekkande er Høgre. Er dei på veg utfor stupet? Eit anna parti opplever ein kraftig og oppsiktsvekkande oppsving. I regjeringa har aksjehandel igjen ført ein statsråd i trøbbel. Korleis er det mogeleg?
Produsent: Henrik Svanevik
- Vis mere