Episoder
-
Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium.
Podkasten er produsert av Gjenklang Studio.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret.
Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Mangler du episoder?
-
Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar.
Produsent Gjenklangsttudio.no
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio.
Produsert av Gjenklangstudio.no
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov.
Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kva er det politikarane ikke skjøner om sunnmørsk næringsliv, og kva må næringslivet forstå om politikk? Høyr kva First House-partner Tor Mikke Wara og styreleder Anne Breiby i Tafjord Kraft tenkjer må til. I denne utgåva av Podium spør vi også ekspertane Ivan Alver og Jan Petter Hagen korleis krig og uro har endra investornarknaden.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
«Uro» var tema for NHO sin årskonferanse i Ålesund – med krig, prisgalopp og skatteskjerpingar som ein del av bakteppet. Må næringslivet på Nordvestlandet bu seg på at usikkerheit er den nye kvardagen? Og kan uro vendast til noko positivt? Vi inviterte NHO-sjef Ole Erik Almlid og styrenestleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth.
Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Dei har begge vore med å utvikle familieverksemder til nye høgder. Samstundes har kapitalen dei representerer kome sunnmørske lokalsamfunnn til gode. Men kva skjer no, når mørke skyer trugar i horisonten? Høyr Gunvor Ulstein og Knut Flakk snakke om dette og mykje anna i denne episoden av Podium. Programleiar Hans-Christian Vadseth og med-programleiar Ingvild Vartdal. Produsert av Gjenklangoslo.no
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Media melder om permitteringar, oppseiingar og kansellerte kontrakter langs heile kysten. Kor tøft vert det komande året for næringslivet på Sunnmøre? Og kva vil varsla lakseskatt, auka arbeidsgivaravgift og auke i formue- og utbytteskatt ha å seie? Dette var tema då vi inviterte Gunn-Marit Nerem, VP Sales i Cflow, og administrerande direktør Olav Haug Vikebakk i Hareid Group til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christian Vadseth. Produsert av Gjenklang.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Aldri før har skatter og avgifter auka så mykje frå eitt statsbudsjett til eit anna som i årets forslag. Vi samla representantar for sunnmørsk næringsliv, skatteekspertar og politisk spisskompetanse i Podium-studioet for å diskutere budsjettforslaget. Det er riktig å seie at jubelen ikkje stod i taket. Med oss i studio har vi Ole Berget, Ingvild Vartdal, Tore Tønseth, Erik Espeset, Marielle Furnes Mannseth og Ingrid Aasaaren. Programleiar Hans-Christian Vadseth. Produsert av Gjenklangoslo.no.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Det skjer mange generasjons- og eigarskifte i sunnmørsk næringsliv. Oppkjøpsfond og konsern bankar på og vil inn, men og lokal kapital står klar. I Podium spør vi: Kva skjer med det sunnmørske eigarskapet? Til å svare på dette har vi fått med oss Peder Stette, Anja Solevågseide, Ingvild Vartdal og Ogne Øyehaug. Programleiar Hans-Christian Vadseth.
Produsent Jan Ivar Wolstad.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Nye lovreglar sett bærekraft og openheit på toppen av næringslivets agenda. Vi har snakka med fire som både har erfaring og innsikt i kva dette vil bety for selskap på vestlandet.Episoda er leia av Olav Sindre Kriken. Med seg på laget som co-host har han den erfarne forretningsadvokaten Ole-Reinhart Notø.
Produsent Jan Ivar Wolstad.Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kvifor vel eit selskap å gå børs, kva tid er det rett for eit selskap å gjere det, og bør det vere eit mål for alle selskap å vere børsnoterte? Dette er noko av det vi diskuterar med CEO i Nortel, Christian Pritchard og investeringsdirektør i Ronja Capital, Tore Tønseth i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Anja Solevågseide, produsert av Jan Ivar Wolstad.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Episoda er leia av ekspert Hans Christian Vadseth frå First House og Ingvild Vartdal frå Adviso med heile fem gjestar: tidlegare statssekretær Ole Berge, seniorrådgiver i Klima og Miljødepartementet Ragnhild Eikenes, Ingvild Vartdal frå Adviso, CEO i Entec Group Håvard Haanes, og CEO i Ocean Supreme Botholf Stolt-Nielsen.Vi kan love eit fyrverkeri av ein podkast!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Korleis starta eventyret som vi i dag kjenner som norsk oppdrettsnæring, og kva er viktig for at Noreg skal halde posisjonen som ledande leverandør av laks på verdsmarknaden også i framtida? Dette er noko av det vi diskuterar med Arne Nore og Roger Hofseth i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal, produsert av Jan Ivar Wolstad.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Korleis går ein frå idé til selskap, og korleis handterar du opp- og nedturar som gründer? Og kva er det vanskelegaste med å starte eit selskap? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med gründer av Jacu, Anne Birte Bjørdal Hanken, og gründer av Conta, Jan-Tore Holen, i denne episoda av PODIUM.
Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal og produsert av Jan Ivar Wolstad.Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Er det verkeleg slik at GIEK og Eksportkreditt Norge ikkje kan ha hovudkontor i Ålesund, grunna mangel på kompetanse i regionen? Og med høgaste handelsunderskot i eksport i nyare tid, fungerar aktøren i dag? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med Stig Remøy frå Olympic, og Rolf Fiskerstrand frå Fiskerstrand Verft, i denne episoda av PODIUM. Episoden er leia av Olav Sindre Kriken og Ingvild Vartdal og produsert av Jan Ivar Wolstad.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Korleis skapar ein prestasjonskultur med menneske i fokus? Og kva forskjellar opplevast når det kjem til organisasjonsbygging og kultur, i internasjonale, nasjonale og, lokale selskap? Dette var nokre av spørsmåla vi diskuterte med CEO i Luminell Bente Storhaug Dahl, og leder for rådgivning i Visma Geir Balsnes, i denne episoda av PODIUM.
Produsent Jan Ivar Wolstad.Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
- Se mer