Episodes

  • Korleis er det eigentleg å vera politi i Sunnhordland? Og kva betyr det å jobba førebyggjande blant barn og ungdom?

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Torbjørn Lodden, lokal politimann frå Stord, som brenn for å gjera ein positiv forskjell i nærmiljøet. Me snakkar om vegen inn i politiyrket, kvardagen som politi, sterke møte med menneske i krise – og kvifor relasjonar, tillit og førebygging er så viktig.

    Torbjørn deler også tankar om ungdomsmiljøet i regionen, utfordringar knytt til sosiale medium, digital påverknad, kriminalitet, svindel og korleis foreldre kan vera tettare på. Samtidig er han tydeleg på éin ting: Dei aller fleste ungdommane er fantastiske, og dei treng vaksne som ser dei, lyttar til dei og vågar å setja gode grenser.

    Sponsor: Subshore

    Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.

    Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram. Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.

    Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.

    Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.

    Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

  • Aurora Kvilhaugsvik er klar for å opne Det Gule Hus på nytt i Leirvik sentrum. I denne episoden blir me betre kjende med ei engasjert dame som brenn for gjenbruk, gründerskap, god stemning og meir liv i sentrum.

    Aurora fortel om vegen frå marknadsføring og utelivsbransje til bruktbutikk, kvifor ho meiner Det Gule Hus er meir enn ein butikk, og korleis ho ønskjer å skapa ein møteplass der folk kan finna skattar, selja vidare det dei ikkje brukar – og kanskje få litt betre samvit for både lommebok og miljø.

    Me snakkar om sirkulær økonomi, kvalitet framfor bruk-og-kast, draumen om sykurs, barneavdeling og DJ-bås i butikken – og sjølvsagt om den store nyopninga 6. juni, med goodiebags, cupcakes og høge forventningar.

    Dette er ein episode om å våga å satse, om å heia på lokale initiativ, og om kvifor sentrum treng butikkar og møteplassar med personlegdom, fargar og folk som brenn for noko.

    Dagens episode er sponsa av MOVA Stord

    Treningssenteret ligg sentralt til i enden av Heiane Storsenter, i andre etasje.

    Her finn du over 1300 kvadratmeter med treningsglede, og du kjem garantert til å finne ei treningsform som passar for deg.

    MOVA Stord heiar på at du skal trene på den måten du likar best – for det er det som gir størst effekt!

    På senteret finn du fleire store avdelingar med apparat og frivekter, i tillegg til eit stort utval kondisjonsapparat. Senteret har også ein stor og variert gruppetreningsplan, med alt frå sykkeltimar og styrketrening til Zumba og yoga.

    I høgsesongen kan du velje mellom 25 og 30 gruppetimar kvar veke.

    MOVA Stord er eit døgnope senter for medlemmene sine.

    Du kan velje mellom medlemskap med eller utan binding, og du kan også kjøpe korttidsmedlemskap.

    Heile sommaren blir det selt korttidsmedlemskap til ein rimeleg pris, og det kjem også kampanjar på medlemskap elles i løpet av sommaren.

    Du kan alltid ta kontakt med senteret dersom du treng litt ekstra hjelp til å kome deg opp og i gang.

    Alle som blir medlem, kan booke ein gratis «MOVA start»-time med personleg trenar.

    Senteret har også stort fokus på samhald og det sosiale. Dei har ei koseleg sofaavdeling der du kan få deg ein gratis kopp kaffi eller te om du ønskjer det.

    Er du interessert i å vite meir om MOVA Stord?

    Sjekk ut nettsida deira:
    https://www.mova.no/treningssenter/stord

    Du finn dei også på Facebook, Instagram og Snap: movastord24

    Du kan kontakte dei på Messenger, Snap eller e-post:
    [email protected]

  • Missing episodes?

    Click here to refresh the feed.

  • Christian André Balchen frå Stord er ein mann som brenn litt over snittet for fyrstehjelp, ambulanseyrket og det å stilla opp når menneske står midt i det vanskelege.

    Christian André har over 24 år bak seg i ambulansetenesta, og før det jobba han som sjukepleiar på sjukehus. Han tek oss med inn i ein kvardag der ingen dagar er like: brystsmerter, trafikkulukker, fødslar, sårbare samtalar og møte med menneske i livets mest krevjande augeblikk.

    Vi snakkar om kva som gjer jobben meiningsfull, korleis ein handterer sterke inntrykk, kvifor den gode kaffikoppen med ein kollega kan vera den beste debriefen – og ikkje minst: kvifor vanlege folk ikkje må vera redde for å gripa inn.

    Christian André deler konkrete råd om HLR, hjartestartar, hjerneslag, ulukker, nedkjøling og kva du bør gjera når sekund faktisk tel. I tillegg blir det litt lokalpolitikk, helse og samferdsel.

    Sponsor: Jarle Steinsland AS

    Jarle Steinsland AS – rørleggar og flisleggjar med hovudvekt på rehabilitering av bad og våtrom.

    Jarle har over 20 års erfaring i faget, og han er den rørleggaren eg sjølv ringer til når noko må fiksast heime hos oss.

    Treng du hjelp til bad, våtrom eller rørleggartenester, så er det absolutt verdt å ta kontakt med Jarle Steinsland AS - https://www.jarlesteinsland.no

  • I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter me Sigrun Alvsvåg frå Bømlo – samtaleterapeut, rådgjevar og ei dame med stort hjarte for menneske, meistring og å finna gullet i kvar enkelt.

    Sigrun deler ope om flink-pike-strev, perfeksjonisme, indre kritikar, tru, mot og vegen vidare når livet buttar imot.

    Me snakkar òg om kvifor det er så viktig å søkja hjelp tidleg, forstå eigne styrkar, byggja gode relasjonar – og heia kvarandre fram.

    Ein varm og ærleg samtale om å våga å vera menneske.

    Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:

    I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.

    For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.

    Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?

    Då kan du bli støttespelar.

    Gå inn på: ⁠⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

  • Magdalena Buchwald Vikanes & Elva Björk Margeirsdóttir brenn for leik, fellesskap og kvalitetsleiker. No har dei opna Leikekista i Borggata på Stord – ein møteplass for småbarnsfamiliar, med leikekafé, utleige av leiker og rom for gode samtalar.

    I denne episoden fortel dei om vegen frå idé til ferdig lokale, om gründerliv, oppussing på seine kveldar, familieliv, framsnakking og motet til å prøva noko nytt.

    Vi snakkar òg om kvifor barn treng leik som opnar fantasien, korleis foreldre kan finna fellesskap i ein travel kvardag – og kvifor Stord kan vera ein god plass å gjera draumar til verkelegheit.

    Sponsor: Fargerike Malerboden

    Fargerike Malerboden – din lokale ekspert på farge, gulv og interiør
    I over 40 år har familiebedrifta Fargerike Malerboden på Heiane levert kvalitet, fagkunnskap og god service til folk i Sunnhordland.
    Her finn du alt frå maling, tapet og solskjerming, til gulv, fliser og verktøy – pluss tenester som fargeveiledning og håndverkshjelp for å nevne noe.
    Med Miljøfyrtårn-sertifisering tar dei også ansvar for klima og miljø.

    Stikk innom Fargerike Malerboden – vegg i vegg med Rema 1000 på Heiane – og få hjelp til å skape ditt drømmehjem.

  • Kristin Straume Normann, best kjend som Berre Kristin, deler små setningar med stort innhald – om håp, sorg, angst, glede, tru, skriving og det å finna si eiga stemme.

    I denne episoden fortel ho om oppveksten på bygda, om å bli mor tidleg, om mørke periodar der skrivinga vart ei livline, og om korleis små handskrivne dikt på Instagram etter kvart vart til bøker, nettbutikk og eit fellesskap med over 30 000 følgjarar.

    Me snakkar om å skriva sant, enkelt og nært – utan å pakka livet for mykje inn. Om kvifor «Det kan faktisk gå bra» kan bety enormt mykje. Og om draumen om å leva av orda, diktstover og kanskje ei rosa bok om kjærleik.

    Sponsor: B3 Helse - https://www.b3helse.no

    B3 Helse på Heiane er et lite helsesenter som har er bredt tilbud. Dei tilbyr hjelp til deg som har smerter, trenger å komme i gang med trening eller ønsker å forbedre treningen.

    Dei bidrar med hjelp til målsetnings- eller motivasjonsarbeid eller kyndig hjelp om du har kvinnehelserelaterte plager.

    Bestill time online via B3helse.no eller via din forsikringsapp. Bli betre med B3!

  • Kva er eigentleg mogleg å få til når folk dreg i lag, held ut over tid og nektar å gi opp ein draum?

    I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Kjell Storelid og Henning Nordfonn til ein inspirerande prat om den nye ishallen på Stord, om skøyteglede, dugnadsånd og kva som kan skje når eldsjeler, næringsliv, kommune og frivillige spelar kvarandre gode.

    Her får du høyra historia om korleis eit lite skøytemiljø med stor entusiasme har vore med på å skapa noko heilt unikt for regionen. Dette er ei forteljing om samarbeid, framsnakking, pågangsmot og tru på at store ting faktisk kan veksa fram når mange bidreg.

    Samtidig er dette ein varm hyllest til skøytesporten, til alle som har stått på gjennom åra, og til dei nye moglegheitene som no ligg opne for barn, unge og vaksne på Stord.

    Sponsor: Aker Solutions - https://www.akersolutions.com

  • Han likar seg helst litt i bakgrunnen, men no er Jan Ottar Wiik aktuell med den ferske podkasten Eiendom og juss. I denne episoden av Sunnhordlandpodden blir vi betre kjende med jordskiftedommaren frå Fitjar, som fortel om kvifor han valde å gå litt utanfor komfortsona og prøva seg som podkastvert.Samtalen handlar om mykje meir enn paragrafar og eigedomsgrenser. Jan Ottar deler korleis interessa for eigedom og juss voks fram, kva ein jordskiftedommar eigentleg jobbar med, og kvifor mekling og gode samtalar ofte er nøkkelen når konfliktar oppstår. Her får du òg høyra om kvifor podkasten Eiendom og juss er laga for folk flest – ikkje berre for dei som jobbar med juss – og korleis meir kunnskap kan hjelpa både naboar, familiar og grunneigarar til å unngå unødige konfliktar.Samtidig får vi eit innblikk i livet utanfor kontoret: Jan Ottar fortel om familieliv på Fitjar, friluftsliv, fridykking, jakt og gleda over å få folk med seg ut på tur. Dette er blitt ein varm, interessant og jordnær prat om å vera nysgjerrig, engasjert og villig til å prøva noko nytt – og om korleis eigedom og juss eigentleg rører ved kvardagen til oss alle.Samarbeid: Episoden er laga i samarbeid med podkasten Eiendom og juss.

  • Frå eit verdsomspennande konsern med 18 000 tilsette til eit nystarta selskap med berre to på lønningslista. I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Ove H. Wilhelmsen, administrerande direktør i Breeze Ship Design.

    Du får høyra historia om korleis Breeze vart til i 2020, om satsinga som har vakse til eit selskap med rundt 60 tilsette, og om livet som leiar i ei bransje i rask utvikling.

    Samtalen handlar om skipsdesign, gründerreise, leiarskap, teknologi, det grøne skiftet – og om korleis ein byggjer kultur og fellesskap i ein arbeidsplass i vekst.

    Samtidig blir du betre kjend med mannen bak tittelen: ein engasjert leiar, tidlegare lærar, reiseglad skipsdesign-entusiast og ein person som er opptatt av folk, tillit og gode relasjonar.

    Ein spennande prat om næringsliv, innovasjon og Sunnhordland si rolle i ei global maritim verd.

    Sponsor: Alde Akva

    Alde Akva er et rådgivermiljø med 15 ansatte som bygger et sterkt kompetansehus innen akvakultur.

    Alde Akva er faglig tydelig og menneskelig raus i måten de jobber på.Dei har hovedkontor på Stord og kontorer i Haugesund, Trondheim og Tromsø.

    Med spisskompetanse innen planlegging og gjennomføring av prosjekter innen landbaserte oppdrettsanlegg og lukkede systemer i sjø, tilbyr Alde Akva prosjekteringstjenester som sikrer optimale og kostnadseffektive prosesser – fra forprosjekt og detaljprosjekt til ferdig godkjent og idriftsatt anlegg.

    Sjå nettsida aldeakva.no for meir informasjon.

    Stor takk til Alde Akva for at dei ville sponse denne episoden.

  • I denne episoden møter du Veronica Ivanov og Arna Vik Misje frå Internasjonal Kulturklubb (IKK) på Stord – ein organisasjon som heilt sidan 1989 har arbeidd for å skapa møteplassar der folk kan bli kjende, kjenna seg velkomne og høyra til.

    Du får høyra historia om korleis IKK starta, kvifor arbeidet betyr så mykje, og korleis klubben i dag byggjer bru mellom menneske gjennom språkkafé, internasjonal kafé, dansegruppe, matkurs, karneval og samarbeid med andre organisasjonar.

    Vi snakkar òg om:

    korleis det er å koma ny til Noregkvifor små initiativ kan bety så mykjekorleis vennskap og kjennskap gjer integrering lettareog kvifor dette arbeidet er viktigare enn nokon gong i ei uroleg verd

    Dette er ein varm, klok og inspirerande prat om menneskemøte, inkludering og verdien av å sjå kvarandre.

    Sponsor: Subshore

    Subshore er eit selskap som ønskjer å gjera meir enn berre å levera gode løysingar – dei vil vera med på å byggja menneske og fellesskap.

    Med verdiar som å bry seg, støtta andre, dela kunnskap og ta initiativ, arbeider dei for ein kultur der folk blir sette – og der ein heiar kvarandre fram.

    Og nettopp det treff ekstra godt i ein episode som denne.

    For det er jo nettopp dette Internasjonal Kulturklubb handlar om:

    å sjå kvarandreå skapa møteplassarå byggja fellesskap på tvers av kulturar

    Subshore minner oss om at små handlingar kan bety mykje.

    Eit smil. Ei invitasjon. Litt tid. Litt omsorg.

    Når vi heiar på kvarandre, får fleire moglegheit til å høyra til – og til å skina.

    Derfor er Sunnhordlandpodden både stolt og takksam for å ha Subshore med på laget.

  • Finnås Kraftlag fyller 80 år i 2026, og i denne episoden møter vi styreleiar Torleiv Fylkesnes til ein prat om historia, utviklinga og framtida til eit av dei viktigaste selskapa på Bømlo.

    Korleis vart Kraftlaget til? Kva har gjort Finnås Kraftlag til meir enn berre ein leverandør av straum og fiber? Og kvifor betyr det så mykje at bømlingane sjølve eig selskapet?

    Vi snakkar om samfunnsbygging, samvirke, solidaritet, kulturstøtte, fiberutbygging og framtidas kraftbehov – men òg om musikk, lokal stoltheit og kvifor gode opplevingar i fellesskap betyr så mykje.

    Ein varm og engasjerande jubileumsepisode om historie, identitet og framtidstru på Bømlo.

    Jubileumsfeiring i 2026

    I samband med 80-årsjubileet ønskjer Finnås Kraftlag å markera året saman med heile lokalsamfunnet.

    Søndag 7. juni inviterer dei til ein skikkeleg folkefest i bakgarden på kraftlaget – open for alle som ønsker å ta turen.

    Programmet er ikkje heilt ferdig spikra enno, men Finnås Kraftlag kan allereie no røpa at Heine Totland kjem med band, i tillegg til andre lokale artistar.

    Det blir òg besøk av både Bjørnis og VilVite-senteret, så alt ligg til rette for ein skikkeleg kjekk dag for heile familien.

    I tillegg blir det servert gratis pølser, is, kaffi og kaker. Set av datoen allereie no – dette vil du ikkje gå glipp av.

    Sponsor: Episoden er eit kommersielt samarbeid med Finnås Kraftlag.

  • I denne episoden fortel Andree Kyrkjeøy ope om livet med IBS – sterke magesmerter, sosial uro og dumme kommentarar frå folk som ikkje heilt forstår kva sjukdommen inneber.
    Årevis med mageplager og lite forståing frå omgivnadene gjorde kvardagen krevjande, og stundom førte det til både skam og angst. Samtidig vart trening ei viktig redning.

    Andree deler korleis han gradvis fann ein veg vidare, og om då han fekk vere med i eit forskingsprosjekt som gav nytt håp om ein betre kvardag.
    Dette er ei ærleg og sterk historie om å leve med smerter som få ser, om å stå i motgang – og om å ikkje gi opp. Ein episode om trening, tarmhelse, håp og om kor viktig det er å møte kvarandre med meir forståing.

    Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden:

    I dag har podkasten ingen sponsor. Det er ikkje alltid like lett å få sponsorar til kvar episode av Sunnhordlandpodden – men heldigvis finst det ein liten gjeng som støttar podkasten som støtteabonnentar.

    For 29 kroner i månaden er dei med og gjer det mogleg å halde podkasten i gang. Slike bidrag betyr meir enn du kanskje trur, og gjer det lettare å lage nye episodar som løfter fram spennande folk og gode historier frå Sunnhordland.

    Har du glede av podkasten og har lyst til å vere med og heie?

    Då kan du bli støttespelar.

    Gå inn på: ⁠⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

  • Kva betyr den maritime historia for Stord og Sunnhordland i dag? I denne episoden av Sunnhordlandpodden møter du Gunnar Bjørk og Magne Gravdal frå Stord maritime museum – to eldsjeler som brenn for å ta vare på og formidla ei viktig side av historia vår.

    Me snakkar om motorar, skipsbygging, hermetikk, HSD, krigshistorie og kvifor Lervik har vore ein så sentral stad i regionen. Du får høyra korleis museet vart til, kva du kan oppleva der i dag, og kvifor dette arbeidet handlar om langt meir enn gamle gjenstandar. Det handlar om identitet, kunnskap, stoltheit og om å gje historia vidare til nye generasjonar.

    Dette er ein episode for deg som er glad i lokalhistorie, kystkultur, frivillig arbeid – eller berre vil forstå litt meir av kva som har forma Sunnhordland. Lytt og bli inspirert av historia som framleis lever på kaien i Leirvik.

    Sponsor: Oma Baatbyggeri

    Visste du at Oma Baatbyggeri har bygd båtar på Stord sidan 1909?

    Hos Oma Baatbyggeri blir stolte handverkstradisjonar kombinerte med moderne teknologi, og i dag er verksemda eit av verfta i Noreg med lengst erfaring innan aluminiumsbygging.

    Frå konstruksjon og ingeniørarbeid til produksjon i verkstadshallane – det som skaper resultata, er dyktige fagfolk med lidenskap for faget sitt.

    Oma Baatbyggeri held til på Stord og byggjer hurtiggåande passasjerbåtar, bilferjer og spesialfartøy for heile kysten.

    Dei er stolte av historia si – og opptekne av framtida.

    Vil du vite meir om kven dei er og kva dei gjer? Les meir på oma.no

  • Rigmor Vikane og Sissel Bjelland frå Stord Bygdekvinnelag deler engasjerande historier om inkludering, beredskap og møteplassar på tvers av generasjonar. Me får høyra om samarbeidet med asylmottaket, språkkafé, skule og frivillig arbeid – og korleis enkle tiltak kan skapa ekte fellesskap i lokalsamfunnet.

    I over 100 år har Bygdekvinnelaget arbeidd for betre kår for kvinner og levande bygder. I dag er dei òg anerkjende som ein viktig del av den nasjonale beredskapen. Dei viser at små handlingar – eit måltid, ein kaffikopp, eit kurs eller ei utstrekt hand – kan bety langt meir enn me ofte tenkjer.

    Sjekk ut: https://www.bygdekvinnelaget.no/lokallag/stord-bygdekvinnelag

    Sponsor: Miriams Gard og Hav

    Denne episoden er sponsa av Miriams Gard og Hav – ein lokal utsalsbutikk på Bømlo med ekte smak frå gard, hav og skog.

    Hos Miriams får du nysteikt bakst, lokal honning og ferske gards­egg – i tillegg til kalkun, kylling og smakfull ost frå ysteri.

    Dei fyller disken med fersk fisk, røykjer aure, og tilbyr krabbe og sjøkreps frå dei reine vestlandsfarvatna rundt Bømlo. Er du glad i skikkeleg godt kjøt, finn du vestlandsk storfe, røykjebacon, saftige pølser og hamburgarar – og kraftbein som gir deg den beste heimelaga krafta. I tillegg har dei hjort, dåhjort og villsvin for deg som vil ha noko ekstra.

    Du finn òg nydelege handverksprodukt i tre – alt frå ostehøvel og skjerebrett til eggeglas, ostefat med magnet, ostekniv, salatbestikk, fiskespade, salatskåler og tallerkenar.

    Bak Miriams står ein matglad familie som brenn for kvalitet, natur, dyrevelferd og ekte råvarer.
    Gå inn på miriams.no, sjå utvalet og støtt lokal matglede frå gard, skog og fjord.

  • Han er eventyraren som trivst både over skyene og midt i vill natur – men som alltid vender heim att til fjord, fjell og kvardagsro i Kvinnherad. I denne episoden blir vi betre kjende med Andreas Fjellandsbø , gründer av Ekspedisjonsreiser og Safarispesialisten.

    Sidan 2016 har han sendt nordmenn ut på turar utanfor allfarveg – til Kilimanjaro, Himalaya, Inka-stien og andre ikoniske destinasjonar. I 2023 starta han Safarispesialisten, der draumereiser til Afrika blir skreddarsydde for familiar, bryllaupspar og eventyrlystne reisande.

    For Andreas handlar det ikkje berre om å nå ein topp, men om meistring, fellesskap og å realisere draumar!

    Vi får høyre om den første backpackerturen som opna verda, om dramatiske opplevingar på over 7000 meter i Nepal, om møte med fjellgorillaer i Uganda – og om kvifor sjølv dei tøffaste kan felle ei tåre på toppen av Kilimanjaro ved soloppgang.

    Samtidig er han ein heilt vanleg familiefar på Husnes, som balanserer gründerliv, risiko og reiselyst med småbarnsliv og heimlengsel.

    Korleis overlever ein pandemi når heile bransjen stoppar opp? Kva lærer du av milliontap, permittering og usikker verdssituasjon? Og kva skal eigentleg til for at du – ja, du – kan klare Kilimanjaro?

    Dette er ein samtale om mot og marginar, om å tore å starte før alt er perfekt, om å skape arbeidsplassar i Afrika – og om kvifor det kanskje er betre å angre på det du gjorde enn det du aldri våga.


    Sponsor: Stord Tannregulering

    Har du vurdert å gjøre noe med smilet ditt?

    De fleste voksne pasienter får i dag behandling med nesten usynlige plastskinner som skånsomt flytter tennene – helt uten tradisjonelle klosser limt på tennene.

    Diskré, komfortabelt og tilpasset en travel hverdag.

    Nå får de 5 første pasientene over 20 år som bestiller time, gratis konsultasjon.

    Oppgi rabattkoden «Sunnhordlandpodden» når du bestiller.

    Stord Tannregulering tilbyr moderne kjeveortopedisk behandling på Stord, og har også klinikk på Husnes én dag i uken.

    Les mer og bestill time på: stordtannregulering.com

  • Han er ung – men engasjementet for Fitjar, fotball og politikk er stort. I denne episoden møter vi Simen Skarpnes Røyrøy frå Fitjar: ungdomspolitikar, fotballentusiast og ein tydeleg stemme i samfunnsdebatten.

    Vi snakkar om kvifor han har valt å engasjere seg politisk, korleis det er å vere med i FpU, og kvifor ungdomsrådet faktisk spelar ei viktig rolle.

    I tillegg blir det prat om fotballglede, sterke comeback, Fitjar som heimstad – og kva som driv ein 15-åring til å ville påverke framtida.

    Ein engasjert og ærleg samtale om fellesskap, meiningar og motet til å stikke hovudet fram.

    Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

  • Føter ber oss gjennom heile livet – likevel er fothelse noko mange tek på alvor altfor seint. I denne episoden møter du Ingvild Eikeland, autorisert fotterapeut og gründer bak Eikelands Fothelse, med klinikk i Stord Helsepark.

    Vi snakkar om kvifor så mange slit med fotplager, kva sko eigentleg har å seie for kroppen vår, og kvifor problem i føtene kan forplante seg heilt opp til kne, hofte og rygg. Ingvild deler praktiske råd om alt frå inngrodde negler og hard hud til barnesko, arvesko og kva du bør sjå etter når du kjøper nye sko.

    Du får òg høyre historia hennar – frå oppvekst på Huglo, via ei dramatisk utdanningsreise, til kvardagen som fotterapeut med full timebok og lang venteliste. Ei ærleg og lærerik samtale om fothelse, fagstoltheit og livet som sjølvstendig næringsdrivande.

    Ei episode for deg som vil ta betre vare på føtene dine – og kroppen elles. 👣

    Sponsor: Brilleriet

    Dagens episode er sponsa av Brilleriet – din lokale optikar på Leirvik og Heiane.

    Livet er for kort til kjedelege briller, og endå kortare til å gå rundt med plager i augo.

    Stadig fleire slit med tørre auge, ruskekjensle og sårheit – ofte på grunn av skjermbruk, inneklima og kvardagsstress. Mange ventar altfor lenge med å søkje hjelp. Hos Brilleriet får du ikkje berre råd og dråpar, men moderne behandling som går til rota av problemet, med lysbehandling og spesialutstyr som kan gi varig betring i augehelsa.

    Stor takk til Brilleriet for at dei er med på laget og støttar Sunnhordlandpodden

  • Kva skjer når to som er litt over snittet glad i hund – og litt over snittet opptatt av gode råvarer – bestemmer seg for å satse skikkeleg?

    I denne episoden møter du Uttara Mari og Terje Andreassen. Dei driv Bømlo Hundepensjonat, med plass til både hund, katt og smådyr – og fortel om kvardagen i ein “hundebarnehage” der trivsel, tryggleik og hundespråk står i sentrum. Du får òg høyra om seriøst oppdrett av labrador, kva dei ser etter hos nye eigarar – og kvifor dei meiner det nesten burde vore “sertifikat” for å ha hund.

    Som om ikkje det var nok, har dei starta Miriams Gard og Hav, der målet er å gjera det lettare å få tak i rein mat og ekte råvarer – frå hjort og storfe til torsk og sjøkreps. Me snakkar dyrevelferd, lokalmat, fellesskap – og store draumar for Bømlo.

    Nettsider: bomlohundepensjonat.no og miriams.no (dei finn du òg i sosiale medium).

    Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe

  • Energy Fitness opnar på Stord – og bak satsinga står Kristoffer Reimers og Malene Hauge.

    I denne episoden får du bli betre kjend med Kristoffer, ein av gründerane bak det nye treningssenteret som opnar på Leirvik i april, i gamle Sporttreff-lokala.

    Kva er det som gjer Energy Fitness annleis?

    Kva kan dei tilby – og kvifor satsar dei så stort?

    Vi snakkar om kvalitetsutstyr (ja, «Ferrarien» av treningsutstyr), gruppetrening, PT-rom for dei som ønskjer tryggare rammer, og planar for både unge, eldre – og kanskje vaffelfredag.

    Men dette er òg ei historie om livet.

    Kristoffer deler ope om oppveksten i Vikedal, vegen inn i rus, å bygge livet opp – og rive det ned igjen. Om behandling, ny kurs, og kvifor han i dag brenn for psykisk helse, meistring og for at fleire skal få det betre – både i kropp og sinn.

    Bli støttespiller for Sunnhordlandpodden: ⁠https://creators.spotify.com/pod/profile/sunnhordlandpodden/subscribe ⁠

  • Kva gjer vi med dei elevane som lærer raskt, spør mykje og ofte ligg fleire år føre fagleg – men som likevel kan bli understimulerte i ein vanleg skulekvardag? Eitt svar er Talentsenteret i realfag – Satellitt Sunnhordland, der elevar frå heile regionen samlast på HVL fleire gongar i året for to intense dagar med problemløysing, programmering, kreativitet og samarbeid.

    I studio møter du Maria Støle Mjønes og Åsmund Natås – to engasjerte fagfolk som står midt i arbeidet.

    Vi snakkar om kven desse elevane er, kvifor det betyr mykje å møta «likesinna», korleis samlingane er bygde opp i praksis – og kvifor tilpassa opplæring ikkje berre handlar om dei som slit, men òg om dei som treng meir utfordring.

    Er du forelder, lærar – eller berre nysgjerrig på skule, realfag og framtida i regionen? Då er denne episoden for deg.

    For meir info:

    https://www.vilvite.no/skole-og-barnehage/talentsenter-i-realfag/talentsenter-i-realfag-satellitt-sunnhordland/

    Sponsor: Høgskulen på Vestlandet

    Sjekk ut: https://www.hvl.no