Episodios
-
Næringsminister Jan Christian Vestre la fram maritim eksportstrategi i Ålesund. Næringsforeningen Ålesundregionen er misfornøgd med at det ikkje vart høve til å kome med kritiske innspel og spørsmål frå salen. I det minste fekk journalistane nokre minutt med ministeren. Høyr Sunnmørspostens intervju med Vestre her, samt reaksjonar på det han sa.
Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Etter gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.
Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gi Norge eit nytt bein å stå på.
Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møter Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.
Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
¿Faltan episodios?
-
Vi treng meir fornybar kraft, men energiutbygging er ikkje konfliktfritt. Kva med bølgekraft og solceller til sjøs? Dette er to grøne alternativ som hittil berre har vore på teststadiet. Vil gründerane slå gjennom eller er dei i realiteten dømt til å bli verande dvergar? Geir Arne Solheim (Havkraft) og Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) jobbar jamt og trutt og har framgang å vise til. Møt dei i denne episoden av Mar.
Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.
Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Med Putin, krig, klimaendringar og høge prisar står Norge og Europa i ei energikrise. No ropar mange på meir atomkraft som botemiddel. Korleis bør vi i Norge stille oss til atomkraft-utbygging?
Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU i Ålesund møter energipolitisk rådgjevar Bror Eskil Heiret i Natur og Ungdom til debatt.
Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.
Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Torill Standal Eliassen frå Avento, Rune Volden frå NTNU og student Henrik Bråthen gjestar Mar. Norge manglar 40.000 datautviklarar. Kva konsekvensar har det for næringslivet? Og kva må gjerast?
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med næringslivet på Nordvestlandet. «Mar» betyr hav på fleire språk og har same språklege opphav som «Møre».
Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad.
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Gunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet.
– Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein.
Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig.
Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det».
Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.
Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar.
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Torill Fure (58) har søkt anslagsvis 240 jobbar dei siste åtte åra. Ho har berre vorte kalla inn til fire intervju, fortel ho.
Er det for vanskeleg for dei på over 50 å få seg ny jobb og kvifor er det i så fall slik? Kva kan samfunnet vinne på å utnytte seniorane sitt potensial betre?
Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal lever av å få folk ut i jobb. Ho brenn særleg for dei godt vaksne arbeidstakarane.
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein epost til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Tøffare sanksjonar, europeisk avhengigheit av russisk olje og gass, og russisk tilgang til norske hamnar: medan relasjonane til Russland vert heftig debattert, høyrer vi lite om våre ukrainske forretningsforbindelsar. Ikkje mange veit at Ukraina har ein stor og spennande IT-industri med norske kundar.
Med oss i denne episoden har vi to som på kvar sin måte kjenner Ukraina godt. IT-gründer Håvard Notøy samarbeider gjennom selskapet sitt Fostech med ukrainske Program-Ace.
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med det lokale næringslivet. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Sidan oktober 2021 har dei fleste episodane vore gjort som videoproduksjonar. Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Gjestane denne gongen er Unni Grebstad i Ocean Visioneering og Jon-Rune Nygård i CommuRoom.
Dette er to Ålesund-selskap som på kvar sin måte vil ta dei digitale møta til neste steg. Det handlar om å få mennesket tilbake i kommunikasjonen, som Nygård seier det.
Er dei to selskapa konkurrentar? Kva kan dei lære av kvarandre? Og kva er det dei fysiske møta har som ein treng ny og betre teknologi for å gjenskape?
Dette får vi svar på i denne episoden av Mar.
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast, no også vodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Styreleiar Kjersti Kleven i Prodtex gjestar Mar saman med finansieringsrådgjevar Mari Dorte Michaelsen frå Innovasjon Norge.
Prodtex har klare røter i Kleven Verft. Innovasjon Norge har ståltru på selskapet.
Korleis avgjer Innovasjon Norge kva for bedrifter som skal få pengar og ikkje?
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Her får du ein både rask og lærerik reise gjennom aktuelle saker i næringslivet på Nordvestlandet gjennom året.
Du får møte sjømateksportørar, ein bonde, ein forretningsadvokat, gründerar, forskarar og ein kaffibrennar for å nemne nokon.
I tillegg til å vere ein sjølvstendig Mar-episode, er kavalkaden er ein fin guide til å finne den mest interessante episoden for deg.
Mar vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Godt nytt år, helsing Sunnmørsposten!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Sunnmørske Optimar leverer rekordstore fabrikksystem til sjømatnæringane i Russland. Kvifor er den russiske marknaden så attraktiv? Korleis vurderer Optimar omdømmerisikoen ved å vere involvert i eit land som ikkje lenger reknast som eit demokrati? Kva er det moderne fiskebåtreiarlag i Russland og Norge spør etter no?
Dette og meir til får du svar på i denne episoden av Sunnmørspostens næringslivspodkast Mar.
Mar fokuserer på næringslivet på Nordvestlandet, særleg det eksportretta. Ordet «mar» betyr hav på blant anna spansk og har same språklege opphav som namnet «Møre».
Podkasten vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ikkje nøl med å gi innspel til [email protected]
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Den populære ordføraren Alfred Bjørlo (V) er valt inn på Stortinget. Han er den einaste frå Nordvestlandet som sit i næringskomiteen.
Kva vil det bety å få inn sjølvaste «distriktspsykopaten» der? Bjørlo snakkar her om kva som skjedde då Trine Skei Grande var med å skape kallenamnet, om Stad skipstunnel, og kvifor han elskar å besøke bedrifter i distriktet. Han er svært kritisk til det han meiner har vorte eit oppblåse maktapparat i hovudstaden.
«Mar» er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Ordet betyr hav på fleire språk, og er å finne i omgrep som «marin», «maritim» og ikkje minst i namnet «Møre».
Podkasten vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ikkje nøl med å sende tips, ris, ros og forslag til gjestar til [email protected]
Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Norsk sjømateksport smadrar stadig nye rekordar, og har vorte eit av beina Norge kan stå på etter olja. Kor sårbar er sjømatnæringa for internasjonale kriser og spenningar? I denne episoden deltar Botholf Stolt-Nielsen frå lakseeksportøren Ocean Supreme og sjømatanalytikar Finn-Arne Egeness.
Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast og vert laga av Tarjei Engeset Ofstad
Ikkje nøl med send ris eller ros til [email protected]
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Tips: Mar ligg også ute som video på smp.no.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Bestandane av kråkeboller er ute av kontroll. Det burde bekymre alle, og kanskje spesielt fiskarane, meiner
Brian Tsuyoshi Takeda synest saka får altfor lite merksemd. Han bur og jobbar i Ulsteinvik og med sitt selskap Urchinomics, vil han kommersialisere fangst og oppfôring av kråkebollar og selje dei til ein godt betalande marknad. Han har gigantinvestorar med på laget, men kor er dei lokale støttespelarane?
Mar vert laga av næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Ikkje nøl med å send ris, ros eller tips til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Mange bedriftsleiarar trudde at dei auka krava til berekraft var noko som skulle gå over, ifølge forretningsadvokat Henrik Grung i Kvale DA.
På berre få år har det skjedd mykje med haldningane. For advokatene vert det ein stadig viktigare del av jobben å gi råd til klientane sine om korleis dei skal implementere nye reglar og vere med når toget går.
Mar vert laga av næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Ikkje nøl med å send ris, ros eller tips til [email protected].
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Er EØS-avtalen ei klam hand over Norge vi helst bør erstatte med andre avtaler, eller sjølve livsnervaen for det eksportretta næringslivet?
I denne episoden av Mar brakar Venstre førstekandidat frå Møre og Romsdal, Lena Landsverk Sande, saman med stortingspolitikar Jenny Klinge frå Senterpartiet.
Mar vert laga av næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kva har vore det tøffaste med nedstengingane for dei som jobbar med reiseliv? No lyser det stadig sterkare i enden av tunnelen. Er noko endra for alltid, og kva for nye mogelegheiter har reiselivsnæringa post korona? I denne episoden får vi høyre kva reiselivssjef Tom Anker Skrede i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre og dagleg leiar ved Stranda Hotell, Ina Eldøy har erfart, meiner og håpar.
Har du tips, ris eller ros? Send gjerne ein e-post til [email protected]. Likar du podkasten? Gjerne del innhaldet på sosiale medium og gi ein tommel, hjarte eller stjerne der du høyrer podkast.
Mar vert laga av Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Josefine Rødal Tomren (23) gjorde det motsette av dei fleste på hennar alder: flytta heim for å bu og jobbe i heimkommunen sin.
Kva betyr tettstader som Vestnes for næringsutviklinga, og kva skal vi eigentleg med tettstadene? Og korleis har Tomren opplevd bygdedyret?
Sunnmørspostens næringslivspodkast «MAR» vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Har du tips, ris eller ros? Send gjerne ein e-post til [email protected]. Likar du podkasten? Gjerne del innhaldet på sosiale medium og gi ein tommel, hjarte eller stjerne der du høyrer podkast.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Gjermund Kvernmo Langset i The North West og Patricia Larsen i Sibelia er to unge personar som har kome seg på innsida av næringslivet – utan noko særleg nettverk på Sunnmøre frå før.
Dei meiner næringslivet lokalt er for dårleg til å gi studentar og andre unge ein sjanse til å starte karrieren sin her. Kor gyldig er eigentleg den påstanden?
Sunnmørspostens næringslivspodkast «MAR» vert laga av journalist Tarjei Engeset Ofstad.
Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
Har du tips, ris eller ros? Send gjerne ein e-post til [email protected].
Likar du podkasten? Gjerne del innhaldet på sosiale medium og gi ein tommel, hjarte eller stjerne der du høyrer podkast.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
- Mostrar más