Episodes
-
Våren er godt i gang, og før me veit ordet av det, så er det plutselig slått att! Det har dei siste åra vore auka fokus på fôrkvalitet, og skilnad på god og dårleg fôrkvalitet. Kva er det som påverkar korleis kvaliteten av grovfôret vert , og kva verktøy har bonden for å ta dei rette avgjerdslene for å få den kvaliteten han eller ho treng til akkurat si gardsdrift? I denne podkasten snakkar me med Petter Klette som er rådgivar i Tine, og Håvard Steinshamn som er forskar i Nibio.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Episodes manquant?
-
Vi brukar den til alt, og vi finn restar av den overalt. I sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. Plast! Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Ei forbanning på avvegar og ei velsigning i bruk. Visste du at landbruket er knallgode på attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att. Kanskje er den neste bereposen du tek på Rema tidlegare rundballeplast! Høyr meir om utfordringar og moglegheiter for landbruksplasten når vi snakkar med Kari Sigrun Lysne i podkasten Vestlandsbonden.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne episoden har me tatt ein prat med Bart Van Gool. Han var rådgjevar i NLR i mange år, stasjonert i Kvinnherad. Her får me eit tilbakeblikk om kva som har vore viktig å formidle som rådgjevar oppover tida, innan presisjon og anna god agronomi. Det blir også eit intervju med vår rådgjevar i maskinteknikk Gunstein Dyrdal om kva som er nytt og kva som kjem framover.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Mentorordninga i landbruket er eit tiltak for at unge, eller nystarta bønder skal få lære direkte av erfarne bønder. Gjennom møter og samtaler gjennom eit heilt år byr mentor på sine erfaringar, og er ein god sparring og diskusjonspart for den den oppstartande bonden. Ordninga kan nyttast i tradisjonell næring, men og i nyare næringar som «Inn på tunet», eller foredling og sal av varer frå garden.
I denne episoda fortel rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest om det formelle rundt ordninga. I tillegg får vi høyre Torgeir Lavik og hans mentor Eivind Myrdal snakke om sine erfaringar og deler raust ut med gode råd.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne podkasten tar me ein prat med Frøydis Haugen, tidlegare mjølkebonde og klimakoordinator i Vestland. Her får me eit innblikk i kva jobben hennar har vore, og kva som er grunnen til at ho engasjerer seg i klimautfordringane i landbruket. Les meir om dette på nettsida: www.klimavest.no.
Me har også tatt ein prat om klimarådgjeving med vår kollega Åsmund Seljeset.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne episoden har me tatt med oss mikrofonen ut på eitt av forsøksfelta til NLR Vest. Her har me tatt ein prat med Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge som har ansvar for forsøket. Me får høyre kvifor slike felt er så viktige og kva forsøksfeltet i Omvikdalen i Kvinnherad kan fortelja oss. Kjersti Hjelmeland som er forsøksverten, fortel oss om korleis det er å ha eit forsøksfelt. Me har også treft Bart Van Gool som tidlegare var rådgjevar i dette området og har hausta forsøksfelt sia 80-talet.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne episoden får me høyre korleis det går med karbonfangstprosjektet. Til å fortelje meir om dette har me teke oss ein prat med Gunnlaug Røthe. Ho har teke ut jordprøver frå 6 teigar på økologisk drive areal og frå 6 teigar på konvensjonelt drivne bruk, i podkasten får du blant anna informasjon om kva prøvene syner.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Alle er einige om at Inn på tunet er bra. Mange kan ha bruk for eit opphald på gard med meiningsfulle aktivitetar knytta til matproduksjon og dyrehald. Men kva er eigentleg Inn på tunet, og er det noko som alle bønder kan drive med? Kva krevst for å kome i gang, og korleis skal ein finne behov og kundar? I denne podkasten frå NLR Vest snakkar programleiar Kolbjørn Taklo med seniorrådgjevar Ragna Flotve hjå Statsforvaltaren i Vestland om Inn på tunet. Lytt og finn ut om det er noko for deg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Dei fleste av oss møter bier i løpet av sommaren. Nokon vil helst unngå dei, medan fruktbønder kan betala for å få titalls tusen av dei inn i hagane sine.
Kva nyttar me biene til? Kva gjer ein birøktar og korleis får ho biene til å spele på lag? Veit du kva biene gjer om vinteren? Dette og meir får de svar på i denne episoden av Vestlandsbonden som er tileigna dei fabelaktige honningbiene.
Me pratar med Heidi Eiken som har 12 års erfaring som birøktar, og me høyrer frå Jan Ove Nes som er fruktbonde og siderprodusent i Hardanger.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne episoden har me tatt ein prat med vore gode kollegar Dag Arne Eide og Åsmund Seljeset. Her får me gode råd om korleis ein kan nytta husdyrgjødsla godt og me prata litt om gjødslingsplan.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Korleis redusere klimagassutslepp frå ein driftsbygning, både ved bygging og i levetida til bygget? Får vi ein renessanse for tømmer frå eigen skog? Kva er eigentleg eit klimasmart landbruksbygg?
Tenk langsiktig når du skal bygge, vel løysingar og plassering som reduserer klimagassutslepp, både i bygg og drift, bruk dei gamle bygga dersom du kan. Dette er nokre av råda frå forskar Matthias Koesling ved NIBIO som du kan høyre i vår siste podkast om klimasmarte driftsbygningar i landbruket. I tillegg snakkar vi med byggrådgjevar i NLR Vest Olve Flo Sunde. Han meiner at det kan vere mykje spart både for klima og lommebok å bygge av eigen skog. men at det kan bli meir krevjande for bonden som skal bygge.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Treng du råd om grøfting av eng? I denne episoden kjem Trygve Torsteinsen med mykje nyttig informasjon rundt grøfting.
Viste du at drenering eller grøfting kan redusert klimagassutslipp, og er dermed eit viktig klimatiltak.
Og lure du på kva det koster å grøfte her på Vestlandet?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Ei lita jolahelsing frå oss i NLR Vest.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kva er marknadshage? Dette spør me rådgjevar Gunnlaug Røthe frå NLR Vest og Anders Flatlandsmo. Anders fortel også om korleis han driv marknadshage på heimgarden i Voss Herad.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Norsk frukt frå liene ved fjordane våre, må no vere noko av det beste vi har!
I denne podkasten ser vi litt nærare på fruktdyrkinga, og korleis fruktnæringa taklar dette uføreseielege med skiftande vêr og føre. Og vi ser litt tilbake på to sesongar prega av covid, med særleg tanke på arbeidskrafttilgang. Kva utfordringar har det vore, og korleis har det gått?
Til å fortelje om fruktdyrkinga, har vi fått med oss ein av dei mest erfarne rådgjevarane i NLR Vest, Rune Vereide.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Sporar er ein plagsom gjest i mjølka, og kan fort føre til store negative følger for mjølkeprisen. Men kva er sporar ? Er nokre ensileringsmiddel betre mot sporar enn andre ? Og kva med maskiner og teknikk i slåtten ? I denne episoden av Vestlandsbonden, har vi gått litt utradisjonelt til verks i podcastmekkinga. Du vil no få høyre ein fagleg diskusjon om reelle sporeproblem hjå ein bonde på Vestlandet, med fire av våre rådgjevar, Lise Austrheim, Gunnstein Dyrdal, Leif Trygve Berge og Dag-Arne Eide.
Velkomen til Vestlandsbonden, ein podkast produsert av NLR Vest, med prosjektmidlar frå Vestland fylke.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Det kan så lett gå bra! Eller er det eigentleg så lett? Bonde Anders Hopland mista tommelen i eit arbeidsuhell. I denne episoda fortel han om fleire års tapt arbeidsevne og varige mein, og han gir sine vurderingar av kva som skjedde. Vi har også snakka med Arthur Salte i Norges Bondelag om kva som må til for å få færre ulukker i landbruket. Handlar det om flaks og uflaks, er det berre bonden sitt ansvar, eller er der faktorar som vi kan påverke og gjere noko med?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
I denne episoden snakker me sau! Me får gode tips om sluttfôring frå vår kollega Ove Sørestrand og Fagsjef i småfe Nortura, Finn Avdem. Jakta på det perfekte livdyr og lammeslakt. Kva må til får å oppnå slakteklasse E, og korleis velge ut og fôre fram til fine påsettlam?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Å behalde arbeidshelsa og unngå skader og uhell, er kanskje det aller, aller viktigaste for ein bonde. Det meste på garden er avhengig av deg, og at du fungerer. Aktive HMS-tiltak er viktig og nødvendig for at det skal gå bra. Statistikken for landbruk syner at det dessverre går gale litt for mange gonger i løpet av eit år. I denne podkasten kan du høyre korleis du kan få hjelp til HMS-arbeidet frå NLR Vest og våre samarbeidande bedriftshelsetenester. Kanskje får du eit og anna konkret tips som kan vere nyttig for deg?
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
- Montre plus