Episoder
-
Dei fleste har høyrt om den frykta "prolapsen", som setter sjølv den friskaste fjellgeita ut av spel i månadsvis, og kan nærast invalidisere som lyn frå klår himmel. Men visste du at lik som alle har ein bulk i bilen ein eller anna stad, har stort sett alle eit prolaps ein eller anna plass i ryggen? Etter denne episoden veit du det i alle fall, og til og med kva som gjer at enkelte går i kne medan andre klatrar tre.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Har du vore "trang i hjelmen"? Det er som oftast sjølvforskyldt (meir om det i Søvnpodden), men tranghet i ryggkanalen er desverre ein god porsjon uflaks for dei som opplever det. Spinal stenose resulterar ikkje overraskande i vondt-i-ryggen, men kan óg få ganske dramatiske utfall.
Ivar gjer sitt beste i denne episoden for å sikre seg minst mogleg arbeid i framtida, ved at du ikkje treng å kome på operasjonsbenken.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Mangler du episoder?
-
Få ting er vel meir plagsomt, smertefult og samstundes så diffust og "klisjé" som det å ha vondt i ryggen. Og det er ikkje utan grunn skal det vise seg! Bli med Ivar og Jonas på ei kanalreise nedover ryggraden, så vert du garantert klokare, og mest truleg rakare.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Ortopedane Jonas Fevang og Ivar Austevoll fyrer med denne startskotet for ein mini-serie-basert podkast om ortopedi. Har du hatt vondt ein gang? Då er denne podkasten aktuell for deg!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.