Bölümler
-
Ho vart omtalt som landets rockepoet etter ein sterk lyrikk-debut. Sidan gav ho ut den sjølvbiografiske romanen Svart belte, om livet med eteforstyrringar. – Eg ville vere heilt open, både om det fine, det vonde, det gode og det ekle, seier Marianne Clementine Håheim i forfattarpodkasten Bakom boka.
-
Magnhild Bruheim gjev barn og unge spenning og krim frå bygda by Nynorsksenteret
-
Eksik bölüm mü var?
-
Katteknulling og undring om ein penis kan vere stor som ei hundepølse, men også venskap, naboskap og foreldre ein er glad i, irritert på og uroa for. Møt Inger Johanne Sæterbakk i podkasten Bakom boka.
-
Ho vart forfattar på tampen av eit langt liv i skuleverket, og som 72-åring skriv Solveig Blindheim Bendixen framleis bøker for barn. Møt ho i forfattarpodkasten Bakom boka.
-
Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar.
-
Ho har gitt ut over 50 bøker, har fått omtrent alle litterære prisar som finst, er heidersmedlem i Samlaget og har fått æra av å vere festspelforfattar heile tre gonger. Møt Erna Osland i podkasten Bakom boka.
-
Drakeholer, ei mystisk rune-tatovering, sjøormar, feer, spøkelse, nye og gamle gudar, teknologi ingen nolevande har sett, og ein magisk vind frå nord. Alt dette finn du i bøkene til Asbjørn Rydland. Møt han i podkasten Bakom boka.
-
Forfattar Ingunn Thon går til kamp mot perfeksjon. Og ho meiner me bør endre innhaldet i ordet «barnsleg».
-
Han syng og spelar gitar, teiknar og skriv, reiser rundt og underheld barn, og innimellom er han også innom lærarjobben sin. Vegard Markhus er forfattar og illustratør, med ein tydeleg strek og ein særprega absurd humor.
-
Hovudpersonane hennar står på ulike måtar utanfor. Sunniva Relling Berg har skrive fleire bøker om smarte jenter som slit sosialt.
Ho har gitt ut ei barnebok, to ungdomsromanar og ein vaksenroman. Barneboka skil seg ut ved å vere ei lettlesen bok om to søsken som er nye i landet. Dei tre andre bøkene har nokre tydelege fellesnemnarar: Hovudpersonane er jenter som slit med sosiale relasjonar, og minst to av dei tre har uvanlege evner (innanfor realfag og musikk). -
Det skumlaste Arnfinn Kolerud veit, er 14 år gamle jenter. Forfattaren har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne. Møt han i samtale med Heidi Fagna.
-
Maria Parr gir ut sin fjerde roman for barn: Oskar og eg. Her kan du høyre ho lese frå den nye boka. Ho snakkar også om dei tidlegare suksessane Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet, om Astrid Lindgren og om livet som jordnær litteraturstjerne.
-
Kari Stai er mor til Jakob og Neikob. Sjølv er ho Tjakob by Nynorsksenteret
-
«Humor og action» er mottoet for forfattarskapen til Terje Torkildsen. Han seier han har besøkt meir enn 90 % av ungdomsskulane mellom Arendal og Ålesund, og han er storleg imponert over formidlingsarbeidet til norske lærarar.
-
Agnes Ravatn takkar norsklæraren som sa ho kunne verte forfattar. Ho har gjort suksess med fleire bøker, og vert ofte omtala som ironikar. Sjølv er ho så usikker på kva det betyr, at ho lovar eit stipend på 10 000 kroner til den masteroppgåva som kan forklare det.
-
Musikalske kattar, trøystande kattar og døyande kattar: Musikar og forfattar Roald Kaldestad turnerer stadig med framsyningar baserte på både gamle og nyare bøker. Møt han i podkasten Bakom boka frå Nynorsksenteret.
-
Portrett: Brynjulf Jung Tjønn snakkar om adopsjon, kvardagsrasisme, kvifor bøkene hans handlar om så mykje vondt, og hans eiga leiting etter identitet.
-
Brynjulf Jung Tjønn slår oss i magen med dikt om kvardagsrasisme i Kvit, norsk mann. Diktsamlinga får massivt skryt, og det overraskar forfattaren.
-
Forfattar Hilde Myklebust i samtale med Heidi Fagna.
-
Forfattar Hilde Myklebust i samtale med Heidi Fagna om boka Splintra.
- Daha fazla göster