Bölümler
-
Han har tatt eliteserien med storm og fått legendestatus i Fredrikstad på rekordtid. Morten Bjørlo (29) var som barn meir interessert i å byggja sandslott enn å spela fotball på grusbanen på Jørpeland. Nå dominerer han på høgaste nasjonale nivå, har fått sin eigen supportersong og er sjefshumorist i garderoben. Kva var det som gjorde at alt «orna sæ i Fredrikstad?». I På ekta drar me til nettopp Fredrikstad og møter Ryfylke sin store fotballson, Morten Bjørlo. Og godorda og sidesparka haglar frå både supporterar, medspelarar og trenar. Heime på Jørpeland drøymer naboen om å reisa til utlandet for å sjå Morten i ein topp europeisk liga. På ekta byr på stemning både på og utanfor bane og tribune med målkongen Morten Bjørlo.
-
Ho har tatt over familiebedrifta, som mor og far har drive i årevis. Maren Fossaa Viga (32) er nå sjef for Mikals Laks i Hjelmeland, bedrifta som er norsk meister i røykelaks. Nå skal Maren styra over ein storkjefta far og ei strukturert mor, som har bygd opp merket King Mikal Salmon til ein landskjendis. Men, det blir ikkje noko Queen Maren Salmon. Kongstanken får den høgrøysta faren ta seg av. Høglydt er det forresten ofte i familiebedrifta. For når Maren og faren går i diskusjon går desibelen opp. Møt Maren, som i ungdomen var tydeleg på at verken Mikals Laks eller Hjelmeland var framtida for henne. Nå flyttar ho altså heim for å driva familiebedrifta …
-
Eksik bölüm mü var?
-
Ungdomen i Ryfylke leverer. Både med kunnskap, entusiasme, sjarme og spenning. Bli med bak kulissane i Ryfylkequizen for åttande klasse i mai. Møt ungdom frå heile Ryfylke før, under og etter den store TV-sende finalen. Nervar i høgspenn, opp- og nedturar og eit vinnarlag frå Finnøy som klinka til med rekord. Iskander, Alexandra og Daniel klarte faktisk alt rett, noko som gjorde læraren både stolt og rørt. Og dagen etter var det fest for alle i åttande trinn på Finnøy skule, med storfint besøk. Og vinnarane meiner sjølv det er viktig å læra meir om Ryfylke. Men, freistar Ryfylke i framtida?
-
Han er tidleg oppe for å vekka både kalvar, kyr og familien. Og han nyttar dagen til det fulle, også til heftige diskusjonar. Ikkje minst gjeld det kommunesamanslåing for hans kjære Forsand, som han har jobba mot. Men, korleis er det eigentleg å stå i stormen i ei så heftig sak? Og er det ikkje på tide å gje seg? I denne episoden av “På ekta” blir me kjent med gardbrukaren Rolf Magne Haukalid frå Forsand. Det blir store stutar, tidleg familiefrukost, klartenkte ungar og galopperande naboskap. Og me får også ei ærleg historie om familie- og arbeidslivet som måtte justerast då kona Mona blei alvorleg sjuk.
-
Ho er alltid på farten. Tidleg og seint. Søvn er det lite av. Men, kilometrane er mange. Over 8 000 kilometer på eit år. Bli kjent med Therese Nordbø, ein energibunt av det sjeldne som spring verda rundt for at andre kan få det litt betre. Gjer deg klar for joggetur. Ja visst er «På Ekta» med joggesko på denne gongen. Me har prøvd å halda følgje med Therese Neverdahl Nordbø (35) frå Tau.
Ho har første joggetur klokka fem kvar morgon. Og neste økt er på ettermiddagen. Kvar dag! Snakk om overskot. I tillegg har ho full jobb. Men, kva driv ein ung, entusiastisk, arbeidsam ultraløpar til å koma seg opp, ut og i gang? -
Det var slett ikkje planen å flytta til bygda. Alvilde og Tom Egill Tobiassen var nygifte og lukkelege i Stavanger. Men, ein sundagsmiddag på Rennesøy blei som eit lynnedslag i livet. Dermed enda det unge ekteparet på ein plass dei knapt nok visste eksisterte. Dei tok sjansen, flytta til øyriket i Ryfylkebassenget i 2015, og kan ikkje tenkja seg noko anna enn å bu på Rennesøy. Her sjonglerer dei livet som to-barnsforeldre, arbeidskollegaer og idéfellesskap, og er ikkje redde for å ta i eit ekstra tak for lokalmiljøet, ikkje minst for ungdomen. Dei vågar å gå i bresjen for å skapa gode møteplassar og arrangement, men trivst aller best når folk kjem på besøk. For middagen står alltid klar til kven som helst. Alvilde og Tom Egill Tobiassen lagar nemleg alltid rikeleg med mat, har god plass rundt bordet og storkosar seg med å bli kjent med fleire.
-
Ho har tatovert ei husrekkje frå heimstaden på armen. Det må vera førtiårs-krise! Eller er det ein del av Maren Landsnes sitt patriotiske engasjement for Jelsa? Då ho gjekk ut av Jelsa ungdomsskule var ikkje Jelsa ein aktuell stad å flytta tilbake til. Aldri i livet. Men, nå har ho budd på Jelsa dei siste ti åra, har mann, to barn og ikkje minst ein svær, gammal prestegard å ta seg av. Kva skjedde? Kvifor flytta Maren og familien him igjen?
I den nyaste utgåva av podcasten På ekta møter Tor Øyvind Skeiseid ei kreativ, utolmodig og energisk kvinne, som utan tvil sørger for at det er liv på Jelsa. 250 innbyggjarar lever i idyllen, ja det har bygda vunne prisar for. Men, Maren vil visa at det er noko attåt den idyllen. Hiv deg på hurtigbåten og bli med til Jelsa og bli med inn i Maren Landsnes sitt univers. -
For Oddvar Vignes var det ikkje meir å leva for. Denne septemberdagen i 2009 var det slutt på alt, på eit hotellrom i Oslo. Trudde han. Og klargjorde sjølvmordet. Men, då han vakna, var han ikkje død, men i live. Frå liv blei det håp. Og heim igjen til barndomsøya Finnøy, som han flykta frå som 16-åring, og aldri skulle tilbake til. Men, Oddvar Vignes er den dag i dag sikker på at utan Finnøy og bygdesamfunnet hadde han aldri levd i dag. Høyr den ærlege historia om å erfara livet og bli grensesprengande glad i det. Ja, livet. Med gard, kone og barn og eit bygdesamfunn som er der. Heilt På Ekta.
-
Oddbjørn Mihle Strand frå Tau har på mange måtar kome heim. For han har gått gradene i idrettslaget Midtbygdens Idrettslag (MIL), frå barn til a-lagsspelar. Men, etter at den halvstuderte «røvaren» har jobba i bank, skule og møbelbutikk, er han blitt dagleg leiar for moderklubben. Ein altoppslukande draumejobb, som han seier. Dessutan kommenterer han lokalfotball for Aftenblad-TV og får kick av å lesa ein femtedivisjons-tabell. Møt Ryfylke sitt svar på Arne Scheie, småbarnsfar og energibunt Oddbjørn Mihle Strand. Sære interesser? Kanskje det! Livsglede er det i alle fall.
-
Ho elskar å reisa, og har heile verda som leikegrind. Rastlaus, uredd og litt naiv. Men trur du ikkje globetrotteren Helene Helgøy har slått seg ned på den vesle barndomsøya med 44 innbyggjarar. Og den første faste jobben hennar er i … nettopp … familiebedrifta Helgøy Skyssbåt, som fartar på kryss og tvers i Ryfylke. Men, om ho blir verande? Vel, ingen veit kor Helene Harefrøken hoppar. Bli med om bord og møt den sjarmerande og engasjerande matros Helene Helgøy.
-
Ho har satsa alt og det har gått på helsa laus. Men, ikkje tale om ho vil gje seg. For visst går det an å bli verdas sterkaste kvinne om ein bur i Sauda, lengst inn i Ryfylke. Møt Hildeborg Juvet Hugdal, styrkeløftar i verdsklasse, åleinemor og engasjert lærar. Ho erobra verda, etablerte seg i byen, men fann freden heime i Sauda igjen. Me møter også elevar i tredje klasse som skal bli verdsmeistrar dei også, akkurat som lærar Hildeborg.
-
Han lovprisar små samfunn, og meiner verdien av at «alle kjenner alle» er mykje større enn ulempene. Det har Bjarte Sørensen erfart som kommunelege gjennom 16 år i si eiga heimbygd. Likevel kastar han loss, og reiser langt, langt vekk frå sitt kjære Ryfylke. Ja, kanskje for godt. Høyr den mildt sagt interessante historia om Bjarte Sørensen i første utgåve av podcasten «På ekta».