Episodes

  • Espen Rock Nørvåg Slapgård er ein institusjon innan norsk hardrock. Om er han er i rolla som plateselskaparbeidar, redaktør for Metal Hammer, radiovert på Radio Rock eller DJ i teamet Oslo Rock Dealers flyr han heavy-fanen høgt. Espen Rock, we salute you!


    Espen har fått den vanskelige oppgåva å avseie dom på kva som er det beste av to av tidenes beste live-album: Live After Death og Unleashed In The East. I denne episoden går vi svært grundig til verks, og diskuterer låtutvalg, plassering i diskografien, kor viktig dei to albumma er i forhold til banda som har gitt dei ut m.m.


    Det var ei sann glede å ha deg som gjest Espen!


    Espen sine favorittar:


    Maiden:

    Album: Powerslave

    Låtar:

    Hallowed Be Thy NameWrathchildCaught Somewhere In Time

    Priest:

    Album: Sin After Sin

    Låtar:

    ExciterMetal GodsRipper

    SPOILER ALERT!


    Espen sitt poeng gjekk til Priest! Stillinga etter denne episoden er : Priest 11,5, Maiden 5,5.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Aki Morimoto er gitarist og vokalist i det fantastiske bandet Electric Eel Shock. Etter at ein av vertane (Tarjei) såg dette bandet på Garage ein tysdag kveld tidleg på 2000-talet vart han storfan, og har mellom annan skreve ein artikkel i Bergens Tidende om dei, hatt dei som gjester på 17.mai-frukost, og vore på konsert med det fleire gonger både Noreg og fleire byar nedover kontinentet.


    Vi snakkar mellom anna om korleis det var å vokse opp i Japan som metal-fan på 80-talet og om dei to gongene Bruce Dickinson inviterte Aki og bandet som gjestar i radioshowet sitt. Du får og vite kva slags titlar plateselskapa i Japan sette på både album og låtar frå både Priest og Maiden, der er det mykje som er både tapt og vunne i oversetjinga! Som gitarist har Aki i oppgåve i denne episoden å kåre den beste gitaristen mellom gitaristene i Priest og Maiden.


    SPOILER ALERT!


    Aki sitt poeng går til Glen Tipton og Judas Priest. Stillinga etter denne episoden er dermed: Priest 10,5, Maiden 6,5.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Missing episodes?

    Click here to refresh the feed.

  • Vi oppsummerer dei to store festivalane vi har vore på i år: Sweden Rock og Tons of Rock. Vi diskuterer storleik, toalettfasiliteter, publikum, program og avslører våre topp tre konsertar frå begge festivalane. Deretter bruker vi litt ekstra tid på refleksjonar rundt den første Maidenkonserten vi har sett etter at vi har starta podkasten.


    Det er sumarferie, vi tar nokre veker fri men fortset med nye gjester og meir diskusjon til hausten.


    God sumar, og takk for at du lyttar til Priest VS Maiden!


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Vi var på konsert med Judas Priest i DNB Arena i Stavanger 14 juni 2022! Det var heilt vilt bra, og på mange måtar har denne podkasten bygd opp til denne konserten. Og til Maiden 23. juni på Tons of Rock!


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • This is our first (but not last!) episode in english! This podcast raises the very important question: Which is the better band, Priest or Maiden? While we don't like polarizing opinions, we love discussing every aspect of those two bands with our guests. Each guest tells which band the prefer, but can only give 1 point based on the aspect we are discussing.


    If you like, you can check the unedited episode on YouTube.


    Our first english-speaking guest is the powerhouse singer Nate Bergman. He fronted the now legendary Lionize for many years, and this week his first solo album Metaphysical Change placed at number 8 on the Top New Artist Albums chart on Billboard. He just got off the road supporting the mighty Clutch, but he's alway on the road, check his webpage or Facebook for dates!


    We talk about how Nate got into Priest and Maiden, his first meeting with Neil Fallon from Clutch, his top Priest and Maiden tunes, and we'll find out if Rob Halford or Bruce Dickinson is his favourite singer of the two. We also talk pizza, and herring!


    Thanks Nate for guesting!


    Nate's top tunes and albums:


    Maiden:


    Album: Piece of mind


    Songs:

    The TrooperFlight of IcarusWhere Eagles Dare

    Priest:


    Album: Screaming for Vengeance


    Songs:

    You've got another thing comingPainkillerLiving after midnight

    SPOILER ALERT!


    We're keeping tabs! Nate's judgement: Rob Halford's got more swing than Bruce Dickinson, so his point goes to Priest.


    After this episode, the score is: Priest 9,5, Maiden 6,5


    Intro inspired by Priest and Maiden, recorded by Andrea Noah Boma Boccarusso, used with permission. You can find him on instagram @boma_ab and YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Hallvard Gaardløs er bassist i mange av dei finaste heavy/rock-banda her i landet, mellom anna Spidergawd, Draken og Orango. Og ettersom Tarjei er bassist sjølv har han lengta lenge etter å endelig å få nerde seg på bassing med ein likesinna.


    Vi set (bass) tonen med at Hallvard og Tarjei går gjennom sine topp tre bassistar, og deretter går vi gjennom både spelestil, utstyr, låtar, livestil med meir. Før vi konkluderer med kven som er den beste bassisten lagar vi fleire nyord som Post-Harris-Bass-Powerchords-Maiden og snakkar om Ny-Hill-ismen, som kanskje til og med kan beskrive Hallvard sin bass-stil pr i dag. Og - Hallvard har gjort ein komparativ analyse av Ripper-æra og Blaze-æra platen, og dommen hans får du i episoden.


    Hallvard sine favorittar:


    Maiden:


    Album - 7th son


    Låtar:

    Waysted YearsWrathchildRainmaker

    Priest:


    Album - Screaming for Vengeance


    Låtar:

    The SentinelBetween the Hammer and the AnvilMetal Gods

    SPOILER ALERT!


    Hallvard sitt poeng går til Steve Harris og Iron Maiden. Stillinga etter denne episoden er dermed: Priest 8,5, Maiden 6,5.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Eirik Strønen Søfteland kom busande inn i hjartene til heile det norske folk i 2013, og har hatt ein plass der sidan! Han er ein framifrå vokalist og formidlar av både eigne og andre sine låtar, og han har fleire gonger måtte stå rett foran ekspert/dommarpanel (men han har vel aldri fått kjeft). Han leiar prog-rockarane Sipher i tillegg til at han frontar eitt av Bergens to Maiden-coverband: Powerslaves.


    Men! Både Priest og Maiden spelar og coverlåtar, alt frå Joan Baez, Fleetwood Mac, Jethro Tull, Thin Lizzy, FM m.m. har fått sitt umiskjennelige Priest eller Maiden-preg opp gjennom åra. Kva for eitt av banda er det som tar denne oppgåva mest på alvor, og klarar å lage låtane til sine eigne? I denne episoden er det Eirik som utgjer dommarpanelet, og avgjer utfallet.


    Eirik sine favorittar:


    Maiden:

    Album: Powerslave

    Låtar:

    PowerslaveAlexander the GreatThe Clairvoiant

    Priest:

    Album: Firepower (!)

    Låtar:

    PainkillerNecromancerLiving after midnight

    SPOILER ALERT!


    Eirik sitt poeng gjekk til Priest! Etter første gjest i 2022 sesongen er stillinga: Priest 8,5, Maiden 5,5.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I denne episoden snakkar vil litt om starten på Judas Priest sin jubileumsturné, om 40årsjubiléet til Number of the Beast, og Tarjei har litt kritikk av bokssettet 50 years of metal!


    Størstedelen av episoden går likevel med til å telje ned topp 10 heavyband for vertane. Ein av lyttarane utfordra oss på det, og vi tok utfordringa på strak arm. Og angra med det samme! For å skulle rangere og vurdere favorittbanda sine, det er vanskelig det.


    Så kva er nr 1 heavybanda våre? Og kor plasserer Priest og Maiden seg på lista?


    Den som lyttar vil finne det ut!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I denne episoden snakkar vi litt om Meat Loaf, fantaserer litt om potensielle gitaristar som kunne ha steppa inn i Priest om ikkje Sneap hadde blitt tatt inn i varmen igjen, og pakkar opp den nydelige boksen 50 years of heavy metal.


    Denne episoden fins og som video på Youtube https://www.youtube.com/watch?v=gI8Tx8Qyq_w og på podkasten sin Facebook-side.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • P vs M-pod’en begynner året der vi sluttet i fjor, Vi håper å forlenge den gode julestemningen med en forsinket julespesialepisode. Vi oppsummerer 2021, tar en full gjennomgang av KK’s Priest og gir noen gode julegavetips (som man kan ta med seg til neste jul). Vi diskuterer også hvilket band som gir best julestemning!


    Men hva er så stillingen etter første året med podkasten?


    Jo: Når det gjelder hvilket band gjestene liker best, er stillingen 6-6, uavgjort! Det hadde vi ikke trodd.


    Når det gjelder poengene gjestene har delt ut som fagpersoner er stillingen:


    Priest 7,5 - Maiden 4,5 (ikke 6,5 som vi sa i episoden). Maiden vant første sesong, men Priest kom sterkt tilbake i denne sesongen.


    Hva skjer i neste sesong mon tro? Tiden vil vise!


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Det er iallefall ein i redaksjonen som er glad i data, og i denne episoden går vi vitskapelig til verks med data-journalist Lasse Lambrechts frå Bergens Tidende! Kva er dei minst spelte låtane på dei ulike platene? Kva for eit band groovar mest? Er det stor forskjell i avspelingar mellom dei mest populære låtane og resten? Dette og meir til får vi svar på i denne episoden.


    Lasse laga seg rett og slett to topp 3 lister: Ei for platene før Blaze/Ripper æraen, og ei etter.


    Klassikarane:


    Priest:

    Island of dominationSentinelPainkiller

    Album: Screaming for Vengeance


    Maiden:

    Infinite Dreams??

    Album: 7th son of a 7th son


    Nyklassikarar:


    Priest:

    Cathedral SpiresNever the HeroesAngel

    Album: Angel of Retribution


    Maiden:

    The ClansmanGhost of the NavigatorEmpire of the Clouds

    Album: Brave New World


    Spoiler alert: Lasse sitt poeng gjekk til Priest! Vi avsluttar altså sesongen med denne stillinga: Priest 7,5, Maiden 5,5.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Frode Hemlic Pedersen er førsteamanuensis i nordisk litteratur ved UiB, årets litteraturkritikar 2021 og forfattar aktuell med boka Splinten i øyet. Men han spelte og med Bård i black metal bandet Asmodeus , og vokste opp med heavy som mange av oss andre. I denne episoden diskuterer vi tekstane til Priest og Maiden. Kva vil dei med tekstene? Kva for ein litterær tradisjon høyrer tekstforfattarane til? Og sist men ikkje minst: Kven er best på tekstar, Priest eller Maiden?


    Frodes favoritter:


    Priest:


    Album: Defenders of the faith


    Låtar:

    JawbreakerFreewheel burningBreaking the law

    Maiden:


    Album: Powerslave


    Låtar:

    Aces high (live after death-versjonen)ProwlerSomewhere in time

    Spoiler alert! Frode sitt poeng gjekk til Maiden, stillinga etter denne episoden er derfor (totalt) Priest 6,5 - Maiden 5,5


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Tore Bratseth er ein heavy-entusiast utan like, kjent for sin kjærleikt til alt som luktar god rock, og då kanskje spesielt Motörhead og Twisted Sister. Han har og lang fartstid innan metalmiljøet som gitarist, han var med i Old Funeral i den tidlege black-metal-æraen, og har seinare gjort nakkene våre såre med band som Bömbers, The Batallion og Studfaust.


    I redaksjonen ser vi jo spesielt på Mötorhead som ein gullstandard, og for å samanlikne banda spør vi oss i denne episoden: Er det Priest eller Maiden som har hatt dei næraste relasjonane til Motörhead og Twisted sister? Tore svarar villig vekk og med stor innleving. Andre stikkord for denne episoden er Dortmund 83, KLM, gode YouTube-tips og ordspill/dad jokes på et nytt nivå.


    Tore sitt poeng gjekk til Priest, så etter denne episoden er stillinga Priest 6,5 - Maiden 4,5.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Det freistar jo litt å kalle han "Heile Noregs Tarjei Strøm", kjent og kjær frå både scener rundt om i det ganske land og utallige program på radio og tv. Som ein trommis med ein flott særegen stil har han aldri lagt skjul på at han elskar heavy, 80-talet og ikkje minst KISS, men kva har han å seie om trommisane i Priest og Maiden?


    I denne episoden snakkar vi om korleis begge Tarjeiane var til stades ved fødselen av Ralph Myerz and the Jack Herren Band, om Tarjei (jr) sin urovekkande nær-Priest oppleving og overraskande positive og nære Maiden-oppleving, og om trommestilane til trommisane i begge band.


    SPOILER ALERT: Poenget denne gongen gjekk til Priest! I sesongens andre poenggjevande runde har vi (endelig) Priest fått overtaket! Stillinga er altså 5,5 til Priest, og 4,5 til Maiden.


    Tarjei's favorittar:


    Priest:


    Låtar:

    Hell bent for leatherPartental guidance/Private propertyPainkiller

    Album:


    Turbo


    Maiden:

    Running freeMurders in the rue mourgeHeaven can wait

    Album:


    Live after death


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Karin Park er kjent som ein artist med masse særpreg og umiskjennelig vokal. Karriæra starta i Bergen, men ho har dreve med sang i 40 år! Sjølv det det kanskje er synth-musikk ho er mest kjent for, elskar ho både hårdrock og hårdrockare, og med Årabrot plasserer ho seg i rett i den mest bråkete delen av rocken. Ho har og spelt metal tidlegare med både Bård og Tarjei, og fronta eit band saman med nokon av dei aller mest skandaløse punkarane i Bergen.


    Det er stor stas med vår første internasjonale gjest! Karin er svensk, og vi spør ho: Kva er det med krigen mellom synthare og hårdrockare som vi leste om i OKEJ i gamle dagar? Men mest av av spør vi ho: Kven er den beste av dei to meget habile vokalistane Rob og Bruce?


    SPOILER ALERT!


    Karin sin favoritt er Rob Halford, og derfor går poenget denne gongen til Priest. Stillinga er då etter første poenggivande episode i sesong 2 Priest 4,5 og Maiden 4,5. Uavgjort!


    Karin's favorittar:


    Priest:


    Låtar:

    Breaking the lawBetter by you, better than meHell bent for leather

    Album:


    British Steel


    Maiden:

    Can I play with madnessRun to the hillsNumber of the beast

    Album:


    Number of the beast


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Vi reknar altså dette som første episode i sesong to av podkasten! To store ting har skjedd i løpet av dei siste vekene: Rob Halford har fylt 70, og vi brukar starten av episoden for å hylle han, egentlig mest som person. I tillegg har Iron Maiden slept eit nytt album, og det er lenge mellom kvar gong nokon av desse banda vi diskuterer slepp ny musikk, så det må vi så klart snakke om! Vi går gjennom førsteinntrykket av Senjutsu, låt for låt, og konkluderer med har har Iron Maiden kome med eit flott album, igjen. Men er det kanskje litt langt?



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Som dei fleste lyttarane av denne podkasten har fått med seg kjem det eit nytt Maiden-album i september. Vi er spente, og diskuterer med vår Maiden-observatør Torgrim Øyre. Litt om videoen til The Writing On The Wall, litt om mottakinga blant fansen, litt om låtlengde og låtskrivarar på den nye plata før vi avslutter med å prate litt om Maiden sine førstesinglar generelt, og om dei kan gje ein indikasjon på kva vi kan forvente oss av albumet.


    Praten gjekk opprinnelig live på Facebook, og du kan sjekke opptaket her om du vil sjå oss i tillegg til å høyre oss.


    Opptaket fins og på YouTube-kanalen vår.



    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Første livesending for podkasten! Vi startar med å gjere opp foreløpig status, og i løpet av episoden vil vinnaren av første sesong bli kåra. Blir det Priest eller Maiden?


    Livesendinga er tatt opp på kanskje verdens beste platebar, Apollon i Bergen, og gjesten er ingen ringare enn daglig leiar Tor Tessem. Hovudfokuset er band og artistar som lagar, eller i allefall puttar logoen sin på alkohol. Kvifor gjer dei det? Og kven gjer det best av Priest og Maiden? I tillegg til Tor's faglege vurdering lot vi publikum blindsmake på øl (Maiden vs Vreid) og rom (Priest vs Motörhead vs Kiss), og stemme på kva for ei av drikkene dei likte best.


    Status: Poenget denne gongen går til Iron Maiden. Status for denne første sesongen blir då Priest 3.5, Maiden 4.5. Jevnt, men vi gratulerer Maiden-fansen med seier i første runde!



    Tor's favorittar:


    Priest:


    Album:

    Unleashed in the eastDefenders of the faithBritish Steel

    Låtar:

    Exciter (Live)Freewheel BurningThe Sentinel

    Maiden:


    Album:

    Number of the beastPowerslaveIron Maiden

    Låtar:

    Number of the beastRevelationsRunning free

    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.




    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Totto Mjelde er ein av NRK sine store profilar innan rock, og kjent frå P3 i god gamle dagar, og P13 gode nye dagar. Programmet PYRO bana veien for moderne norsk rockeradio, og i dag er han aktuell og elska i programma Stjernepose og Gitar.


    Det store spørsmålet denne gongen er: Er det Priest eller Maiden som gjer seg best på radio? Radiomannen gjer sin faglige vurdering, men vi får og litt strenge kommentarar til både KK Downing og ikkje minst Janick Gers, og vi får høyre korleis det er å møte og gjere intervju med både Priest og Maiden. Og mykje meir.


    Tarjei's nevø Aleksander har kome fram til Stained Class i sin ferd gjennom katalogen, så vi får og høyre kva han synes om den.


    SPOILER ALERT!


    Poenget denne gonget går til Judas Priest. Stillinga etter denne nest siste episoden i denne sesongen er spanande Priest 3,5 , Maiden 3,5 - uavgjort!


    Favorittar:


    Iron Maiden:

    The TrooperFlight of IcarusChildren of the damned

    Album: Piece of Mind


    Judas Priest:

    Hell bent for leatherYou've got another thing comingFreewheel Burning

    Album: Killing Machine


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Frodis (Harald Frode Unneland) er ein super trommis, låtskrivar og vokalist med lang fartstid frå band som Pompel & The Pilts og Savoy, og han er framleis aktiv som turnetrommis og i bandet Evig Din For Alltid. Sjølv om han ikkje er ein utprega heavy-trommis i dag er Priest og Maiden er to av dei banda han vaks opp med og lærte seg å spele trommer til.


    Maiden har hatt to trommisar, men i Priest har det vore inne ikkje mindre enn seks trommisar som har bidratt live og på plate. Vi går gjennom ein god del av dei og snakkar om spelestil, bidrag til bandet og bidrag til heavy-tromming generelt. Vi får og høyre om at Frodis sin kompis og heavy-leverandør i Huddersfield og ein ellevill champangefrukost saman med Iron Maiden!


    SPOILER ALERT!


    Frodis sin favoritt blant alle trommisane er Simon Philips, som spelar trommer på Sin after Sin. Stillinga etter denne episoden vert då Priest 2,5 og Maiden 3,5.


    Topp tre (her tok Frodis både låtar og topp tre album!):


    Priest:


    Låtar


    1.Sinner

    2.Hell bent for leather

    3.Exciter


    Album


    1.Sin After Sin

    2.Killing Machine

    3. Stained Class


    Maiden:


    Låtar


    1.Still life

    2.Number of the beast

    3.Wasted years


    Album


    1.Piece of mind

    2.Number of the beast

    3.Somewhere in time


    Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.