Episodi
-
Synes du høst- og vintermånadane er lange og mørke? Er du nedstemt, lite opplagd, og kjenner på søtsug og alltid trang for enda meir søvn? Då er denne episoden av Søvnpodden for deg!
Vinterdepresjon er ein form for depresjon som dukkar opp i dei mørke månadene av året, og pregar deg med auka matlyst og søvnbehov, i tillegg til vanlege symptom på depresjon som nedstemthet, negative tankar og tiltakslause.
I denne episoden av Søvnpodden har vi snakka med psykiater og søvnlege Fred Holsten, som forteller oss korleis vi kan førebygge og handtere vinterdepresjon. Spoileralert: LYS!!!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Stadig fleire bruker smartklokker og søvnapper til å følge med på egen søvn. Dei fortel deg kor mykje du har sove, nokon gir til og med tilbakemelding på søvnkvalitet og søvnstadier, og andre igjen meiner å kunne identifisere (og vekke deg på) det optimale tidspunktet for morgon-våkning. Men kan vi egentlig stole på det desse appane fortel oss?
I denne episoden av Søvnpodden snakker vi om kva søvn er, korleis søvn kan målast, og kor pålitelige (eller upålitelige) vi synes søvnapper er. Gjest i studio er professor Bjørn Bjorvatn - sjefen vår - og kanskje Noregs fremste søvnekspert.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Episodi mancanti?
-
Rundt 5 % av barn og unge i Noreg har ADHD. Mange av dei opplever utfordringar i forhold til søvn, samtidig som lite søvn ofte gir ei forverring av ADHD symptoma.
Søvnpodden har snakka med Ole Andreas Hovda, barne- og ungdomspsykiater, om dei vanlegaste søvnvanskane barn og unge med ADHD opplever, kvifor søvn er spesielt viktige nettopp for dei, og ikkje minst korleis vi kan hjelpa dei til å sova betre.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Skiftarbeid er heilt nødvendig for å halde samfunnshjula i gang, og omtrent ein tredjedel av oss jobbar utanom vanlig dagtid. Dessverre opplever mange skiftarbeidarar utfordringar knytt til arbeidstid. Mest vanlig er problem med søvn og våkenheit. Det kan vare vanskelig å halde seg vaken på arbeid, og kanskje enda vanskeligare å sove når det er tid for søvn.
I denne episoden av Søvnpodden forklarer vi kvifor så mange slit med skiftarbeid, og ikkje minst kva du som skiftarbeidar kan gjere for å meistre skiftarbeid best mogleg.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Skal du på reise, men kvir deg for jetlag på eller etter turen? Synest du det er tungt å komme tilbake til kvardagsrytmen når ferien er over? Eller har du jobbreiser der du må fungere godt allereie dagen etter ei reise over fleire tidssoner? I denne episoden av Søvnpodden får du oppskrifta på korleis du kan tilpasse deg ei ny tidssone best og raskast mogleg, anten du skal reise vestover til USA eller austover til Asia. Gjest i studio er professor Ståle Pallesen, ein av Noregs fremste søvnekspertar. God tur!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?
I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Dette er episoden du har venta på! Søvnpodden losar deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap, og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand.
Med oss i studio er Bjørn Bjorvatn, kanskje den i Noreg med mest erfaring innafor ikkje-medikamentell behandling for kronisk insomni. Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Er du kvinne i 40-50 åra og opplever du søvnvansker? Eller kanskje du kjenner eller bur saman med ei? Då bør du lytte til denne episoden av Søvnpodden! Søvnproblem er nemlig et vanlig symptom i overgangsalderen, og det er det ikkje alle som veit.
For å lære meir om dette har Søvnpodden hatt besøk av Anita Prante (forfattar av "Menopauseboka"), som nærast boblar over både av kunnskap om overgangsalderen og engasjement for folkeopplysing.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Denne episoden er for deg som vil vite enda meir om kva som skjer i hjernen når vi søv. Rune Enger er hjerneforskar og introduserar astrocytter (stjerneceller!) til vokabularet ditt - desse hjelper hjernen i å kvitte seg med avfallsstoff under søvn. Det er nesten som om hjernen slår på ei vaskemaskin når vi sovnar. Så enkelt, men likevel så komplisert, og viktig!
Hjernevask kan nemlig forklare kvifor lite søvn ser ut til å auke risikoen for demens...
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Søvnapné (episodar med pustestopp under søvn) er ein av dei vanligaste søvnsjukdomane våre. Søvnpodden har besøkt Harald Hrubos-Strøm, øyre-nase-hals-lege og søvnforskar, for å lære meir om kva som skjer ved pustestopp (under søvn) og om korleis søvnapné kan behandlast. Harald fortel entusiatisk - både om CPAP og alternative behandlingsmetodar. Mykje å lære, både for pasientar og pårørande!
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kva er ungdom opptatt av når det gjeld søvn?
Det har Helsesista, heile Noreg si helsesøster på sosiale medier, freista å finne ut av. I denne første bonusepisoden av Søvnpodden tar ho styringa i studio, med ein bunke spørsmål hun har fått frå følgarane sine. Ingvild og Siri frå Søvnpodden blir gjester i studio, og svarer på spørsmålene etter beste evne.
Tidspress, tankekjør, mareritt og skjermbruk vert nokre av temaa.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Søvnpodden er ein podkast for alle som søv. Og det gjer jo dei aller fleste av oss, kvar eineste natt. Om du likevel er usikker på om dette er ein podkast for deg, og ikkje er heilt klar for å hoppe til sengs med framande sånn heilt utan vidare, føreslår vi at du lytter til denne lille snutten. Her kan du bli litt kjent med oss i Søvnpodden, kva vi driv med og kva vi tenker å snakke om i episodane framover (spoiler: det har med søvn å gjere).
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Alle dyr søv! Eller gjer dei egentlig det? For å finne svaret har Søvnpodden teke turen til Oslo for å ta ein prat med zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk Museum. Petter fortel entusiastisk om alt frå delfinar og fuglar som søv med halve hjernen, til manetar som søv UTEN at dei har ein hjerne.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Ingenting er meir fortvilande for nybakte foreldre enn enn at dei søte små ikkje søv.
Det er heilt normalt at dei aller minste er mykje våkne om natta, og det går seg vanligvis til i løpet av det første halvåret. Men kva når det ikkje gjer det?
Psykolog og firebarnsmor Turid Leksbø snakkar med oss i Søvnpodden om korleis du kan lære dei små barna gode søvnvaner - og ikkje minst kva utslitte og desperate foreldre kan gjere når søvn blir eit problem.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Kvifor er det slik at A-menneske har lov til å skrangle rundt på kjøkkenet om morgonen, medan B-menneska søv, samtidig som B-menneska må liste seg rundt om kvelden for at A-menneska skal få skjønnhetssøvnen?
Kven er det som har bestemt når dagen skal starte, og at 5-am morning-routine er ein god ting?
Søvnpodden har tatt ein prat med Synne, eit B-menneske som fortvilar over manglande forståing.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.
-
Har du problem med søvnen? Då er ikkje du åleine!
Så mange som ein fjerdedel av folket rapporterer om kroniske søvnproblem. Det er over ein million nordmenn det!
I denne første episoden av Søvnpodden har vi invitert sjefen vår, professor og søvnlege Bjørn Bjorvatn, til å snakke om små og litt større søvnproblem, kva du kan gjere med det, og kor du kan få hjelp.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.