Folgen

  • Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.


    I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.


    Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.


    I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.


    Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Fehlende Folgen?

    Hier klicken, um den Feed zu aktualisieren.

  • Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.


    Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.


    Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk – the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.


    Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket Tante Ulrikkes vei, som han speler i på femte året. Eller så har du kanskje sett han på NAV på Tøyen. Manish jobba nemleg som saksbehandlar der mens han venta på at draumen om å komme inn på Teaterhøgskolen skulle gå i oppfylling. Kva tar han med seg frå NAV inn i teateret, og finst det nokre likskapar mellom sosionomyrket og skodespelaryrket?


    Vi skal sjølvsagt også snakke om Hør her’a, både boka, filmen og teaterstykket. Her er Manish ekspert. Han speler nemleg både i filmen som kom i fjor og i teaterstykket på Det Norske Teatret denne våren. Vi snakkar om forskjellen på film og teater, om forskjellen på å bli casta som pakistansk taxisjåfør og norsk partisekretær, og om kvifor urdu er så løye på nynorsk. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen.


    I denne episoden av Språkoppdraget fortel Anna om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått som teaterinstruktør og respektert som teatersjef, og så korleis ho har jobba med å finne tilbake til det eigenleg språket sitt og den eigentlege seg. Ho fortel om korleis det å skrive eigen dramatikk gjorde ho til ein betre regissør, om det sterke førstemøtet med hennar eigen tekst Tatovering i nynorsk omsetjing, og om kva det er ho liker best med å jobbe på norsk.


    Vi snakkar også om teateret ho leiar, Mungo Park og om hennar tankar om kva som er godt teater.

    Vi tar oss også tid til å snakke om forskjellane og likskapane mellom dansk og norsk.

    Og når den eine programleiaren har kjøpt inn bollar til innspelinga, får vi oss ein god prat om bolle og andre ord som betyr heilt ulike ting på dei to nabospråka. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser. I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei travel førjulstid.


    Sjølv om Herborg Kråkevik arbeider med jul mest heile året, er ho ikkje lei jula når ho kjem. For når barna har lagt seg på vesle julaftan, så vaknar mor. Da skal treet pyntast, julesokkar hengast opp, og alt gjerast klart til julehøgtida. Medan lyden av kyrkjeklokkene frå heile Noreg ringer jula inn over radioen og lukta av julemat spreier seg i huset i Skagen, så kjem julestemninga for Herborg Kråkevik.


    I denne episoden snakkar vi også om kven Herborg blir når ho snakkar dansk. At fleire av våre vakraste julesongar og -forteljingar har komme på trass. Vi får diktlesing og avsluttar sjølvsagt med allsong rundt det imaginære juletreet!


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Vekas gjest i Språkoppdraget har jobba som korrekturlesar, snikkar, lokalavisjournalist og seljar av dører, og han har komme til tredjeprøven på Teaterhøgskolen utan å komme inn. Men Stein Torleif Bjella vart skodespelar likevel. I desse dagar er han å finne på Hovudscenen på Det Norske Teatret kveld etter kveld, framfor fullsette salar av folk som vil sjå på vedarbeid. Truleg har mange av dei tatt vegen i teateret for å lytte til Bjella også, for dei vonde visune hans har blitt allemannseige.


    I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Stein Torleif Bjella om korleis det er stå på teaterscenen, korleis det er å skrive songar på bestilling på få dagars varsel og om kvifor han køyrde traktor i tre dagar frå Ål til Det Norske Teatret i sommar. Vi snakkar også om forskjellen på å skrive songar og ein roman, om Bjella sitt forhold til språk og litteratur, og korleis det er for Stein Torleif Bjella å stå på scenen når heile salen syng med på dei tekstane han har skrive om staden han kjem ifrå. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Skodespelar Ina Svenningdal meiner sjølv ho slurvar fælt når ho skriv og snakkar. Men når ho skal lære replikkar, har ho stålkontroll. Kanskje ikkje så rart, for 27 år gamle Ina har jobba som skodespelar nesten heile livet. No speler ho Disney-prinsessa Anna i Frost sju gonger i veka, ei rolle Ina 5 år ville fryda seg over, og ei rolle Ina (27) har gjort til si eiga med kjensler, varme og humor.


    I denne episoden av Språkoppdraget fortel Ina om livet som barneskodespelar i Linus i Svingen, om korleis det var å vakne morgonen etter at SKAM hadde blitt stort i Japan, og korleis det er å toppe spotifylistene kvar førjulstid. Vi snakkar også om kvifor groruddølen Ina er «ekspert» på Haugesund-dialekt, har ein Nordlandsbunad i skapet og kva for monolog frå tida på Det Norske Teatret ho aldri kjem til å gløyme.


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Kva har mesolittisk, eit konstruert fantasispråk frå om lag 9000 år før Kristus og moderne norsk bibelomsetjing til felles? Jo, vekas gjest i Språkoppdraget jobbar med begge delar.


    Julian Kirkeby Lysvik er ein ekte språknerd, språkdoktor og bibelnerd frå Kvæfjord i Troms, som fekk språkinteressa vekt gjennom alvespråket i Ringenes Herre og bibelinteressa vekt gjennom gudstrua si. I sommar vart han bønhøyrd og fekk drøymejobben i Bibelselskapet, der han arbeider med bibelomsetjing. Ikkje berre jobbar han med språket i ei av verdas mest populære bøker, han har også laga eit språk for den kjente tv-serien Beforeigners.


    I denne episoden av Språkoppdraget kan du lære korleis ein lagar eit 11000 år gammalt språk frå grunnen av, og få ein smakebit på korleis du snakkar det. Du får også eit lynkurs i hebraisk, eksklusive innblikk i dilemmaa bibelomsetjarar balar med, og vi snakkar om korleis det er å vere lingvist på raud løpar. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • I år er det 25 år sidan Olaug Nilssen debuterte som forfattar, og i desse 25 åra har ho prega norsk offentlegheit som forfattar, redaktør, meiningsberar, litteraturmeldar, podkastvert, biograf, og som ein sterk talsperson for barn med særskilde omsorgsbehov, og foreldra deira. 


    I Språkoppdraget snakkar Olaug Nilssen om den nye romanen sin og kvifor han har ein skrivefeil i tittelen, om kva det er ho elskar så høgt med filmen og musikalen Frost, og om kvifor ho slurvar med språket. Vi snakkar også om korleis det er å vere ei stemme for dei stemmelause, om korleis den litterære røysta hennar har forandra seg gjennom 25 år som forfattar, og om kva språk det er greitt å bruke når vi skal omtale store tabu.


    Olaug Nilssen feirar 25 år som forfattar i år, og markerer jubileet med å gi ut ein ny roman med ein skrivefeil i tittelen. 


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Teater på islandsk er leikhus, og nettopp leiken fyller dagane til årets første gjest i Språkoppdraget. Gísli Örn Garðarsson er skodespelar og regissør frå Island, som har fått den store tilliten frå Disney til å lage musikalen Frost i alle dei fem nordiske landa, på fem ulike språk. Først ute er Det Norske Teatret og Let it go på nynorsk.

    I Språkoppdraget snakkar han om teatermagi, språkmagi og om kvifor leikhus er eit perfekt ord for teater, om kva han har lyst til å skape med Frost, og om kvifor han begynner å drøyme på norsk etter to månader i Noreg. Vi får også eit innblikk i språksituasjonen på Island, vi får høyre om den gongen Gisli og teaterkompaniet hans spelte Romeo og Julie for fulle hus på tysk, utan å kunne eit ord av språket, og den tidlegare turnaren Gísli stiller eit av livets store spørsmål: Kvifor heiter sporten turn på norsk?


    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Oslo-biskop Kari Veiteberg må ha eit språk for alle livets fasar, frå bryllaup og dåp, til gravferd og nasjonale kriser. I dei største gleder og dei djupaste sorger skal ho finne orda som samlar, anten vi trur eller tvilar.Kva er likskapen mellom kyrkja og teaterscenen? Er det mogleg å samanlikne kyrkjelyden med eit publikum? Og korleis kan ein bryte gjennom «den fjerde veggen» i Guds hus? Det har Veiteberg tenkt mykje på, og det snakkar ho om i denne episoden av Språkoppdraget. Vi er innom historia til det norske bibelspråket, om samhøvet mellom dialekt og skriftspråk og vi snakkar om kva som skil og kva som sameinar det religiøse språket og kvardagsspråket.I denne juleepisoden får vi også høyre kva biskopen tenkjer er det viktigaste i julebodskapen. Og vi får stadfesta det som for mange er heilt innlysande: Juleevangeliet gjer seg aller best på nynorsk. Lytt til Språkoppdraget - og vurder sjølv.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Teatersjefen på Det Norske Teatret vaks opp som tospråkleg i Oslo. Han snakka Oslo-dialekt ute og nederlandsk heime, men skjønte ikkje kva han skulle med nynorsken han lærte på skolen. Etter 12 år i sjefsstolen på Noregs største nynorskinstitusjon er han igjen tospråkleg. No vekslar han mellom nynorsk og bokmål i skrift, og han har skjønt at mykje er betre på nynorsk.Erik Ulfsby er også styreleiar i Språkrådet, og har dermed det siste ordet når nye ord skal inn i ordboka. Han har fått fleire språklege kjepphestar, og er uroa for den låge språklege sjølvtilliten mange verkar å ha. Men han har stor språkleg sjølvtillit når det gjeld språkoppdraget til Det Norske Teatret. Om du lurer på kvifor Erik Ulfsby blir tatt imot som ein helt i Karasjok på grunn av ei samisk lærebok, om kvifor han synest Romeo og Julie er mest truverdige med skodespelarar i 60-åra, eller kva ord han liker aller best, bør du lytte til denne episoden av Språkoppdraget.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Forfattar Gunnhild Øyehaug har alltid kjent ein sterk fellesskap med Ivar Aasen. Ho vaks opp i ein språkmedviten familie i Ørsta, har vore nynorskbrukar heile livet, og trudde på eit tidspunkt at ho var ein reinkarnasjon av Aasen sjølv. I over 20 år har ho vore ei av dei mest særprega nynorske stemmene i norsk litteratur. Sjølv om ho er utropt til ein «master of the short story», har ho med omsetjinga av Kristin Lavransdotter for Det Norske Teatret vist at ho også passar det store formatet godt.I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Gunnhild Øyehaug om å omsetje og bli omsett, om kva eit nytt språk kan tilføre ein tekst, og kva som kan gleppe i omsetjinga. Vi snakkar om fordelar og ulemper ved å vere ein kritisk lesar, og Gunnhild fortel om sitt møte med Kristin Lavransdotter. Om kvifor ho gret over arbeidet, og kvifor karakterane til Sigrid Undset alltid kjem til å vere med ho vidare i livet og diktinga. Og oppskrifta på korleis omsetje ein 100 år gamal nobelprisvinnande romantrilogi frå riksmål til nynorsk? Jo, ein startar med første setning, og når den er omsett, tek ein setning to. God lytt!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Som forfattar er språket ein av Maja Lunde sine absolutt viktigaste arbeidsreiskapar. Etter fleire år som manusforfattar for film og tv, var det ein flau og krevjande overgang til skjønnlitteraturen. Men 10 år etter bokdebuten, har forteljingane hennar nådd ut til millionar av lesarar i meir enn 50 land. No kan Maja Lunde skrive når og kor som helst, og aller helst skriv ho på toget. I denne episoden av Språkoppdraget fortel ho om korleis språket formar karakterane ho skriv.Lunde vaks opp midt i Oslo, i ein språkleg spagat mellom aust og vest. Da ho gjekk på skolen var forholdet til nynorsken sånn passe, men i arbeidet med dramatiseringar av bøkene sine for Det Norske Teatret, har ho oppdaga gleda ved nynorsken. Kan det komme ei bok på nynorsk snart? I haust er det premiere på juleforteljinga Snøsøstera. Korleis er det å sjå figurane ein har dikta opp bli levande på ein scene? Og har du tenkt at det hadde vore kjekt å bli ein bestseljande forfattar? I denne episoden deler Maja Lunde raust av sine skrivetips! God lytt!

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Linda Eide har fått norske familiar til å samle seg rundt fjernsynsapparatet på laurdagskvelden, nett som i gamle dagar, med det underhaldande og nyfikne programmet Eides språksjov. Når ho endeleg er gjest hos oss i Språkoppdraget, prøver vi å dykke djupare ned i språket til Linda Eide sjølv.Vi snakkar med Linda Eide om kor viktig dialekten er for identiteten hennar, og spør kven ho ville vore om ho var frå Moss og ikkje frå Voss. Vi snakkar om kvifor ho ikkje er så opptatt av skrivefeil, men misliker at folk gjer språket meir komplisert enn dei treng, om kva det var som skjedde i Oslo som fekk den 19 år gamle nynorskbrukaren Linda Eide til å skjøne at ho har eit sterkt engasjement for skriftspråket sitt, og om kvifor ho måtte bli vaksen før ho begynte å skrive utropsteikn.Om du er usikker på om nynorsk er fint i dikt, kjem du ikkje lenger til å vere i tvil etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget. Du får nemleg eit eksklusivt utdrag av eit av dei mange dikta den unge Linda Eide skreiv og framførte på ulike tilstellingar på Voss i gamle dagar. Vi lover ny kveik til alle språkinteresserte etter denne episoden av Språkoppdraget.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Forfattar Lars Petter Sveen har levd med stamming heile livet, og like lenge har han prøvd å skjule at han stammar. Han trudde også at han takla det veldig fint, heilt til han svima av under ei opplesing på scenen på Litteraturhuset i Oslo i fjor haust. «Eg håpar ikkje eg stamma», var det første han tenkte på då han kom til seg sjølv igjen. Det andre han tenkte var: «No har frykta for å stamme gått for langt.»Han bestemte seg for å ta tak i stamminga si. Resultatet har blitt boka Kunsten å stamme – utan at noen merker det. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Lars Petter Sveen om korleis han i 40 år hatt gått omvegar i språket og i livet for å skjule at han stammar, og korleis frykta for å stamme har påverka kroppen, ordforrådet, dialekta, skriftspråket og yrkesvalet hans. Og kva gjer ein forfattar når han er redd for å seie ordet litteratur høgt?Vi snakkar også om kor vanskeleg det er å gå frå å vere romanforfattar med full kontroll over romankarakterane sine, til å skrive ein sakprosa med seg sjølv og familiemedlemmar i hovudrollene, om kvifor nynorskbrukaren Lars Petter bytte til bokmål når han skulle skrive bok om seg sjølv, og om kor viktig det er å finne den gode stemma for å skrive god litteratur.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Å dramatisere ein roman er som å brodere ein bunad; eit helvete. Iallfall ifølge regissør Kjersti Horn, som har dramatisert ikkje mindre enn 1200 nobelprisvinnande romansider ned til eit 8 timar langt teaterstykke. Ideen hennar om å lage teater av alle dei tre banda av Kristin Lavransdotter starta med ein feilsend e-post, og enda opp i ein teatermaraton som har premiere på Hovudscenen på Det Norske Teatret i haust. Kjersti Horn er ein pratmakar og ein heilt stille person på same tid. Ho kallar seg ein språknerd, og blir rasande når nokon tuklar med teksten. «Trur du at du er betre enn Sigrid Undset?» spør Kjersti Horn då. Språket skal vere eksakt. Men forteljinga er aldri høgd i stein. Kjersti meiner at godt teater er som ei god bok, noko publikum kan dikte vidare på. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi også om skrekken for å få skrekken, om kvifor regissøren må vere den dummaste i rommet, og om å prate svensk når ein blir sint.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Heilt sidan han var ein liten og sjenert gut i Moss, har Christian Ruud Kallum visst at han skulle bli skodespelar. Men han trudde aldri at han skulle få bruk for nynorsken han lærte på skolen. No er han fast tilsett skodespelar på Det Norske Teatret, for tida aktuell i den enorme rolla som Mattis i Fuglane av Tarjei Vesaas. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar Christian om vegen frå sjenert observatør til hovudrolleinnehavar, om korleis han puggar replikkar ved hjelp av sirleg handskrift, og han tar oss med inn i prøvesalen og prosessen med å skape karakteren Mattis og framsyninga Fuglane. Vi snakkar også om mossedialekta, om løyndommane i språket og om det å skulle spele ein karakter som alle elskar frå ein roman og ei teaterframsyning som gjekk for 25 år sidan. Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.

  • Han er ein av verdas mest kjente nynorskbrukarar og har fått omtrent alle nynorskprisane som finst. Men kva forhold har Are Kalvø eigentleg til nynorsk, og kven ville han vore utan? Det spør vi om når han som er kjent som Noregs 57. morosamaste mann, forfattar og satirikar gjestar Språkoppdraget. Vi snakkar om nynorsk som humorspråk og kvardagsspråk, om inspirasjonen frå populærmusikken, og om kvifor Are Kalvø ofte vandrar rundt i byen og snakkar med seg sjølv. Og vi tar eit tilbakeblikk til arbeidet hans med å omsetje det mildt sagt friske amerikanske originalmanuset på The Book of Mormon til norsk, og sjekkar om Are Kalvø har funne meininga med livet på toppen av VG-lista. Alt dette får du høyre om i den nyaste episoden av Språkoppdraget.Programleiarar er Inger Johanne Sæterbakk, språkkonsulent på Det Norske Teatret og Erlend Tårnesvik Dreiås, formidlingsansvarleg ved Det Norske Teatret.

    Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.